Michael Cohen-saken
– Michael Cohen, Trumps tidlegare advokat og fiksar, innrømde tysdag å ha betalt hysjpengar til ei pornostjerne og ein playboymodell, som begge hevdar å ha hatt sex med Trump. Dette har slått ned som ei bombe i USA. Kvifor?
–Fordi det involverer presidenten i eit mogeleg lovbrot. Betalinga kan vere eit brot på reglementet for valkampdonasjonar. Då kan ein kanskje sjå for seg riksrett, om demokratane vinn kongressvalet. Men då må det ha kome fleire og større lovbrot fram. – Er det lagt fram prov for at hysjpengane vart betalte på Trumps ordre?
–Det er diskutabelt. Denne typen lovbrot er det erfaringsmessig vanskeleg å føre sak på. Det juridiske alvoret for Trump er avhengig av om dette blir definert som eit forsøk på å hjelpe valkampen hans. Trump kan uansett ikkje straffeforfølgast som sitjande president.
– Presidentens noverande advokat, tidlegare New York-borgarmeister Rudy Giuliani, kallar Cohen «ei slu lita rotte». Ein typisk måte å slå tilbake på frå presidentens menn?
– Ja, eigentleg. Trump og teamet hans kjem til å hamre laus mot Cohens truverd. Bill Clinton gjorde noko av det same.
– Same dag vart Paul Manafort, den tidlegare valkampsjefen til Trump, dømd for skattesvindel. På kva måte blir presidenten involvert i den skandalen?
– Han er ikkje direkte involvert, men Manafort kan få strafferabatt om han utleverer eventuell annan informasjon han har om Trump.
– Mange kommentatorar hevdar at tysdag var Trumps verste dag som president. Kva meiner du?
–At media og opposisjonen overreagerer, gitt det vi veit i dag. Dette er ikkje nok å stille han for riksrett, sjølv om kongressen – Og Mueller er spesialetterforskaren som er oppnemnd for å granske eit eventuelt samband mellom den russiske regjeringa og Trumps stab under presidentvalet i 2016.
– Cohen- og Manafort-sakene er komne i kjølvatnet av denne etterforskinga. Poenget med å gå etter Cohen og Manafort er å leggje press på dei for å utlevere eventuell kompromitterande informasjon dei måtte ha om Trump i byte mot ein mildare dom. – The Washington Post krev at Kongressen granskar Cohen-saka. Kjem det til å skje, trur du?
–Slike granskingar går føre seg heile tida i Kongressen, og vil vere naturleg her også. Tilsyn med den utøvande greina, altså presidenten, er ei av Kongressens tre oppgåver.
–Korleis har Trumps støttespelarar i Kongressen reagert på det som skjedde tysdag?
– Dei står i det store og heile bak Trump, fordi grasrota i partiet står bak Trump. Dette vil ikkje endre det.
– Kor sannsynleg er det at Trump blir stilt for riksrett? – Vi er langt frå det enno. Det kan bli meir aktuelt om demokratane vinn mellomvalet, men sjølv dei vil passe seg for det. Vi snakkar her om å annullere 2016-valet. –Kva trur du blir Trumps neste trekk?
– Å halde fram kampanjen for å diskreditere Mueller og alle som samarbeider med han. Strategien til Trump er å få folket på si side, slik at kongresspolitikarane ikkje vågar riksrett. Dei har på sett og vis lukkast. Republikanarane kjem ikkje til å akseptere Muellers funn, fordi dei ser dette som ei politisk motivert sak for å få Trump fjerna.