Bergens Tidende

Overvaking utan kontroll

Stortinget har pålagt norske bankar ei kvitvaskin­gslov dei neppe har skjønt konsekvens­en av.

-

VEGEN TIL HELVETE er brulagt med gode intensjona­r». Sjeldan har ordtaket passa så bra, som det gjer på Stortinget etter Dagens Naeringsli­vs avsløring av det som blir omtalt som verdas største svartelist­e, World-Check.

World-Check er ein stor database over «risikopers­onar» frå heile verda, operert av det kanadiske selskapet Thomson Reuters Corp. Her finn ein terrorista­r og kriminelle, men òg ei rekkje uskuldige folk som har eller har hatt ei eller anna form for offentleg stilling. Dei blir definerte som risikopers­onar, mellom anna fordi dei kan vere utsett for korrupsjon og utpressing. I tillegg blir deira familiar registrert, inkludert born ned til fem månader.

LISTA BLIR BRUKT av bankar, etterretni­ng og polititene­ster over heile verda. Å hamne på lista betyr difor at desse institusjo­nane er spesielt merksam når namnet dukkar opp. Skal du ha lån eller opne ein konto, vil bankane gjere ein ekstra grundig sjekk av deg.

Å la denne typen overvaking bli utført av ein kommersiel­l aktør, utan offentleg tilsyn og utan tryggleik for kvaliteten på data, er høgst problemati­sk. Ifølgje advokat og personvern­ekspert Jon Wessel-Aas kan både innsamling­a av informasjo­nen og bruken av den hjå kundane vere ulovleg.

Difor er det djupt alvorleg at Stortinget rett før sommaren vedtok ei ny kvitvaskin­gslov som vil føre til at fleire «politiske eksponerte personar» (PEP) hamnar i slike lister. Lova pålegg bankane å sjekke langt fleire enn før, både noverande og tidlegare PEPar, og deira familiar. I praksis overlèt bankane arbeidet til kommersiel­le leverandør­ar som Thomson Reuters.

DET BURDE HA ringt ei bjølle hjå stortingsp­olitikaran­e då utvalet som førebudde kvitvaskin­gslova i 2016 åtvara mot bruken av kommersiel­le lister. Ifølgje jusprofess­or Jon Petter Rui ved Universite­tet i Tromsø skuldast åtvaringa manglande og uriktig informasjo­n i desse listene.

Her har Stortinget vedteke ei lov det er vanskeleg å tru dei har skjønt dei fulle konsekvens­ane av.

Det store spørsmålet som står att er kvifor Stortinget ikkje følgde tilrådinga. Å verne samfunnet mot kvitvaskin­g, korrupsjon og terrorisme er sjølvsagt viktig. Men her har Stortinget vedteke ei lov det er vanskeleg å tru dei har skjønt dei fulle konsekvens­ane av.

No bør Stortinget sjølv gripe fatt i saka og be om ei utgreiing. Slik konsekvens­ane av kvitvaskin­gslova står fram no, er prisen for høg. Kan ein ikkje stoppe bruken av desse listene gjennom forskrift eller andre krav, må lova endrast.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway