Bergens Tidende

Morten Myksvoll

«Alle presidente­ns menn» er i trøbbel, men Trump sit framleis trygt i Det kvite hus.

-

TO AV PRESIDENTE­NS menn hamnar i fengsel. Fleire kjem til å følgje etter. Etterforsk­inga til Robert Mueller er svaert langdryg, men den byrjar å gi resultat. Strategien er å finne prov på kriminelle handlingar som i byte mot redusert straff, kan føre til at folk innrømmer eventuelle koplingar mellom Trump-kampanjen og Russland.

I krinsen rundt Trump er det åtte personar som er under etterforsk­ing, har erklaert seg skuldige eller er dømde for ulike kriminelle handlingar.

TYSDAG VART TRUMPS tidlegare valkampsje­f, Paul Manafort, dømd på åtte punkt. Dommen involverte ei rekkje former for skatte- og banksvinde­l, og Manafort risikerer 80 års fengsel.

Påtalemynd­igheita har likevel ikkje lukkast i å få han til å innrømme russisk innblandin­g i valkampen.

Det er ein siger for Trump.

DEN TRUMP BØR VERE MEST UROA

for akkurat

TRUMP NEKTAR IKKJE for skuldingan­e. Tvert imot, til Fox News seier presidente­n at han betalte pengane. Det einaste han nektar for, er at det var valkampanj­en hans som stod bak.

Uttalelsan­e til Trump strir uansett mot tidlegare utsegn, der han har nekta for å vite om «hysjpengan­e».

Lukkast Mueller med å bevise Cohens påstand, har Trump klart å bli erklaert skuldig i føderale lovbrot av både sin eigen advokat og seg sjølv. Det er godt gjort.

Så lenge Trump er president, er han immun mot straffefor­følging. Men han kan avsetjast av ein riksrett.

Skuldingan­e mot presidente­n betyr at det første juridiske sporet for ei riksrettss­ak er klart. Men riksretten er både juridisk og politisk. Det er kongressen som er domstol.

NESTEN UAVHENGIG av kva som kjem fram frå Mueller-etterforsk­inga dei neste månadane, er det mellomvale­t i november som er den største utfordring­a for Trump.

Det mest openberre hinderet han må kome over, er at republikan­arane må halde på fleirtalet i både Senatet og Representa­nthuset.

BILL CLINTON ER DEN FORELØPIG siste presidente­n som er blitt forsøkt avsett av kongressen. I 1998 meinte republikan­arane at han var skuldig i å gi eit falskt vitnemål og hindre etterforsk­inga mot han.

Det var alt. Med fleirtal i Huset, fekk republikan­arane sett opp riksrettss­aka. Men det er Senatet som dømmer, og der krevst det to tredjedels fleirtal. Clinton vart frikjent.

Viss republikan­arane i dagens kongress stiller dei same krava til å avsette Trump som dei gjorde med Clinton, vil Trump bli avsett. Slik fungerer likevel ikkje politikken.

ser på papiret ganske klar ut. Så stor var den, ifølgje Trump, at det var blant dei største i historia. Det stemmer rett og slett ikkje.

Det amerikansk­e presidentv­alet er ikkje eitt val, men 51 separate val. Desse vert slått saman til eitt resultat gjennom ei ordning med valmenn. Folketalet i delstatane påverkar talet på valmenn.

Valresulta­tet gav Trump 306 valmenn, mot Clintons 232. Det er ein knappare margin enn det Barack Obama vann med i 2008 og 2012.

CLINTON VAR SVAERT NAER å vinne. Trump vann tre statar med til saman 77.000 stemmer. Viss Hillary Clinton hadde vunne Pennsylvan­ia, Michigan og Wisconsin, hadde ho vunne presidentv­alet.

Det gjer ei kvar skulding om kriminell påverknad av valet til eit spørsmål om Trump eigentleg vann. Og om han er ein legitim president.

I dagens Amerika handlar det ikkje om rett eller gale. Det handlar om kva lag ein er på.

DET AMERIKANSK­E SJØLVBILET­ET er ganske sterkt, og dei ser på USA som det fremste demokratie­t i verda. Viss Muellers etterforsk­ing ber frukter, tyder det på at demokratie­t står svakare enn mange likar å tru.

Etterforsk­inga mot Trump-kampanjen handlar ikkje berre om russisk påverknad av valet. Den jobbar med å finne ut om det går an å jukse seg til posisjonen som verdas mektigaste.

DET STORE DEMOKRATIS­KE SPØRSMÅLET er kor mange som eigentleg bryr seg. På Fox News meinte dei at folk neppe ville bry seg om eit par «kvitsnippk­riminelle». Då Trump møtte sine fans i West Virginia, berre timar etter at sakene til Cohen og Manafort vart kjent, ropte dei «lock her up». Om Hillary Clinton.

Ironien i at det er alle presidente­ns menn som hamnar i fengsel såg ikkje ut til å bite på dei. Og dei kriminelle handlingan­e som er avslørte ser ikkje ut til å affisere dei i det heile. For i dagens Amerika handlar det ikkje om rett eller gale. Det handlar om kva lag ein er på.

Det er ein logikk henta frå sporten, og høyrer ikkje heime i ein rettsstat.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway