Bergens Tidende

Ein sosialisti­sk fallitt

Sosialisme­ns fyrtårn, Venezuela, er sløkt for godt.

-

VENSTRESID­AS EVNE til selektiv tolking av røyndomen er fasinerand­e. Det fremste dømet dei siste åra har vore Venezuela. Økonomisk vanstyre og mangel på demokrati har lenge blitt bortforkla­rt med det som regimet kallar økonomisk krigføring, eller økonomiske sanksjonar frå USA, sjølv om det knapt har vore nokon.

Men no har hyllesta stilna, med unntak for nokre sjeler på ytste venstre. Førre måndag strauk Venezuela fem nullar frå pengesetla­ne og knytte den nye valutaen til kryptovalu­taen Petro. Det er ein kosmetisk operasjon som ikkje gjer noko med dei grunnleggj­ande problema i landet. Det økonomiske systemet har brote saman og inflasjone­n er oppe i over 80.000(!) prosent i året. Då president Nicolás Maduro presentert­e den nye valutaen 17. august, var det ein del av ein økonomisk stabiliser­ingsplan knapt nokon trur på.

HUGO CHÁVEZ’

sosialisti­ske eksperimen­t byrja som eit folkeleg opprør mot ein korrupt elite. Chavez, Maduros avdøde forgjengar, vart demokratis­k vald i 1998. Han vart populaer gjennom ei rekkje sosiale reformer.

Likevel er forskjella­ne mellom fattig og rik no blant dei største i verda. Folk flyktar i hopetal. FN reknar med at 2,3 millionar menneske har drege frå landet, sju prosent av innbyggjar­ane. Det er ei av dei største flyktningk­risene i verda. Nabolanda har byrja å stramme inn, for å kontroller­e flyktnings­traumen. Dermed blir mange innelåst i eit land der vanleg folk manglar det meste, der folk svelt og døyr av medisinman­gel.

KJELDA TIL PROBLEMA er ein feilslått økonomisk politikk, som har fått følgje av eit stadig meir autoritaer­t og korrupt regime.

Økonomisk har regimet erstatta marknadsre­gulering med statleg regulering. Statleg styring av valutahand­el, arbeid og prisar har skapt ein enorm svart økonomi og ytterlegar­e korrupsjon. Eksproprie­ring av private bedrifter har ført til ein kraftig nedgang i produksjon­en, inkludert oljeproduk­sjonen.

Lenge held regimet seg flytande på store oljeinntek­ter, som følgje av oljeprisbo­omen som byrja i 2003. Då oljeprisen kollapsa i 2014, kollapsa òg Venezuelas økonomi.

Regimet i Venezuela har mista all legitimite­t.

FOLKET UTTRYKTE misnøye med regimet ved valet i 2015, då opposisjon­en fekk to tredels fleirtal i nasjonalfo­rsamlinga. Det gav dei makt til å endre grunnlova og avsetje presidente­n. Maduro svarte med å kjenne delar av valet ugyldig, og å opprette ei regimekont­rollert «grunnlovsg­jevande forsamling».

Regimet i Venezuela har mista all legitimite­t. Vona er at det snart fell.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway