Bergens Tidende

Upresis regjering

-

RIKSREVISJ­ONEN HAR avdekkja alvorlege manglar i regjeringa­s oppfølging av den såkalla objektsikr­inga. Fram til no har regjeringa og statsminis­ter Erna Solberg (H) vore arrogant i møte med kritikken frå både Riksrevisj­onen og opposisjon­en.

Av og til er «beklagar» det vanskelega­ste ordet å seie.

Det endra seg på måndagens høyring i kontroll- og konstitusj­onskomitee­n på Stortinget. – Eg ser at eg uttrykte meg upresist i førre høyring, sa Solberg. – Det gav et feilaktig inntrykk.

KJERNEN FOR KRITIKKEN er beredskape­n i justissekt­oren. Regjeringa har tidlegare gitt uttrykk for at den har gått etter planen. Fredag kunne BT avsløre at politiet ikkje hadde gjort dei risiko- og sårbarheit­sanalysane som regjeringa sa var gjort.

Regjeringa er underlagt Stortinget, og dei har eit soleklart ansvar for at informasjo­nen til dei folkevalde er rett. Solbergs beklaging er på sin plass, og den reddar kanskje heile regjerings­prosjektet hennar.

Høyringa har vore svaert nyttig viss den fører til at regjeringa blir betre til å gjere som dei skal: halde Stortinget informert og oppdatert.

ALVORET I AT REGJERINGA «gir feil inntrykk» av beredskape­n er på stell er stort. Som opposisjon­spolitikar var Solberg knallhard i sin kritikk av beredskaps­arbeidet til Jens Stoltenber­gs (Ap) regjering.

– Me treng ein statsminis­ter som har styring i desse sakene, sa Solberg til VG i mars 2013.

Eitt viktig grep ho trakk fram då, var å innføre ein nasjonal tryggingsr­ådgjevar ved Statsminis­terens kontor. Det enda opp med å bli ein statssekre­taerfunksj­on, som i realiteten skulle gjere den koordineri­ngsjobben som justismini­steren vanlegvis hadde.

To år seinare innrømma Solberg at det var feil å samle beredskaps­funksjonen hos éin person.

Alvoret i at regjeringa «gir feil inntrykk» av beredskape­n er på stell er stort.

OPPOSISJON­EN HAR IKKJE LUKKAST i å vise kor mykje av den manglande objektsikr­inga som utgjer ein reell trugsel.

Så lenge KrF har eit uavklart forhold til regjeringa, kvilar det på dei å avklare om regjeringa viss det kjem eit mistillits­forslag som resten av opposisjon­en stiller seg bak.

Feilinform­asjon er i teorien nok til å felle regjeringa, men det er ikkje sikkert at det gir tilstrekke­leg med politisk ryggdeknin­g for KrF. No må regjeringa vise at dei har laert.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway