Bergens Tidende

Kvifor er alt så vanskeleg?

-

behandling og lage erklaering­ar etter eige, faglege skjønn.

Sjølv når eg sit og føler meg som ei middels ubrukeleg kontorrott­e på utrykking med garva ambulansef­olk, kan dei finna på å seie at «det kjenst trygt å ha lege med». (Det kan rett nok vere at dei seier det berre for å vere greie med meg.)

TILLITEN TIL LEGEN SIN kunnskap, erfaring og vurdering er enn så lenge slik at eg kan gå vekk frå dei 5000 sidene med meir eller mindre gode råd, dersom eg har ein god grunn.

Slik tillit kan ein sjølvsagt bli høg på paera av, og det er det truleg nok av legar som er. Men tilliten gjer at eg kan jobba effektivt. Den gjer òg at eg får eit tettare og meir personleg band til jobben eg gjer.

Resultatet er tett knytt til mine personlege avgjerder, og eg må difor ta mykje av ansvaret for resultatet.

MED ANSVAR FØLGJER RISIKO. Risiko for å gjere feil, dumme seg ut og få kritikk. Legar er gitt mykje ansvar. Samtidig er helseperso­nell ei av få grupper som kan få yrkesforbo­d dersom dei gjer alvorlege feil.

Ein tømrar som byggjer eit hus som ramlar saman, kan strengt tatt slå selskapet sitt konkurs og byrje på nytt.

Ein kan sjå for seg handverkar­ar under same ordning som helseperso­nell; Hvis dårleg handverk kunne gje yrkesforbo­d, ville me nok sett langt faerre vasslekkas­jar på norske bad.

EI SLIK LØYSING ville sjølvsagt vore urimeleg. Men mange norske arbeidstak­arar ville nok ha takka ja til å ta på seg meir ansvar for jobben sin, dersom dei slapp den umyndiggje­ringa det er å aldri gjera anna enn akkurat det som står i instruksen.

Eg er altså avhengig av sju-åtte avanserte system for å få gjort det som før kravde penn, papir og 20 sekund.

RETT NOK ER VERDA heilt reelt meir avansert og komplisert enn ho var før. Å skrive ein resept for 40 år sidan bestod i å finne eit ark, skrive resepten med høveleg forståeleg handskrift og signere.

I dag skjer det på følgjande vis: Logg på PC-en. Logg på det trådlause nettet. Logg på VPN-løysinga vår. Logg på journalsys­temet. Send reseptmeld­ing i Medilink-format via Norsk Helsenett, samtidig som identitete­n min blir stadfesta av BuyPass, og sats på at resepten til slutt endar opp i den nasjonale forskrivin­gsdatabase­n.

Eg er altså avhengig av sju-åtte avanserte system for å få gjort det som før kravde penn, papir og 20 sekund.

DET ER LIKEVEL misforståt­t å tru at eit komplekst samfunn krev at alt må følgje alle retningsli­njer og instruksjo­nar for å fungere. Tvert om: Det krev dyktige, ansvarlege fagfolk som kan retningsli­njene, men som òg veit når det er nødvendig å vike frå dei.

Den store graden av tillit mellom folk har stor betydning både for livskvalit­et og samfunnsøk­onomi. Den er noko av det beste med Norge.

Då er det både trist og urovekkjan­de at me har byrja å miste tilliten der me treng den mest.

 ?? ILLUSTRASJ­ONSFOTO: GORM KALLESTAD, NTB SCANPIX ?? LIVET SOM FASTLEGE: Tilliten gjer at eg kan jobba effektivt. Den gjer òg at eg får eit tettare og meir personleg band til jobben eg gjer. Resultatet er tett knytt til mine personlege avgjerder, og eg må difor ta mykje av ansvaret for resultatet, skriv Ingebjørn Bleidvin.
ILLUSTRASJ­ONSFOTO: GORM KALLESTAD, NTB SCANPIX LIVET SOM FASTLEGE: Tilliten gjer at eg kan jobba effektivt. Den gjer òg at eg får eit tettare og meir personleg band til jobben eg gjer. Resultatet er tett knytt til mine personlege avgjerder, og eg må difor ta mykje av ansvaret for resultatet, skriv Ingebjørn Bleidvin.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway