Bergens Tidende

Den smale vegen for KrF

-

seier dei kristne frå urkyrkja til det? Det var jo dei som fann opp sosialisme­n.

SYLVI LISTHAUG HAR SAGT at Den norske kyrkja er gjennomsyr­a av sosialisme. Gjev det var så vel, ville dei første kristne ha sagt.

I URKYRKJA hadde dei eit minne om det sterke kravet til solidarite­t som ein grunnide i kristendom­men. Historikar­ar fremhev korleis dei kristne fekk stor oppslutnin­g på 100-talet: dei hjalp sjuke under pesten som herja landa kring Middelhave­t. Det var ikkje svovelprei­ker eller maktbruk, men solidarite­tshandling­ar som gav vekst.

I HORDALAND KRF er det enkelte som kallar seg kristenkap­italistar, fleire som kallar seg borgarlege og somme som nøyer seg med ikkje-sosialista­r. Dei første kristne må få frysningar i grava. Har ikkje desse hordalendi­ngane lese om Mammon? Mange her vil ha samarbeid med Frp. No viser det seg at enkelte med tillitsver­v går over til Høgre fordi leiinga sentralt ikkje vil bryta lovnaden sin til veljarane.

NÅR MANGE I KRF no vil velja side og definera partiet som borgarleg, gir dei inntrykk av at kristendom­men er ein religion for dei rike og mektige, at rikdom og makt er beviset på det gode kristenliv­et. Den klassiske karakteris­tikken av kristenkap­italistane sin bodskap kom til uttrykk i USA for snart hundre år sidan: «Work and pray, live on hey, you will get pie in the sky when you die.»

Amerikansk­e avlatsfora­mlingar som trur på pengemakta og den flate jorda skapt på seks dagar for 6000 år sidan, har begynt å få fotfeste på Vestlandet.

Krf bør halda seg til den opphavlege versjonen og velja den smale vegen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway