Bergens Tidende

Lykke og Kristoffer er med å setje rekord for borgarleg konfirmasj­on

- KJERSTI MJØR kjersti.mjor@bt.no; foto TOR HØVIK

Over tusen har meldt seg på humanistis­k konfirmasj­on i Hordaland til våren. Det er ny rekord.

Til våren kjem talet på unge som konfirmere­r seg humanistis­k i Hordaland, til å passere tusen for første gong.

Ny rekord

– Det er rekordmang­e, seier organisasj­onssekreta­er Magnhild Marie Bøe-Hansen i HumanEtisk Forbund i Region Vest.

Så langt har 1058 i fylket meldt seg på, kring hundre fleire enn i vår, og enno er det ein månad til fristen går ut.

– Det pleier å kome ein del påmeldinga­r den siste månaden. Vi forventar iallfall hundre til, og er spente på kva vi endar på.

Ekstra seremoniar

– Eg er ikkje kristen og har ikkje lyst til å bli identifise­rt som det, seier Kristoffer Johannesse­n.

Når 14-åringen frå Åsane står konfirmant til våren, blir det ikkje i kyrkja, men i Grieghalle­n. Han blir ikkje aleine. Naer 700 i Bergen har meldt seg på humanistis­k konfirmasj­on i mai. Det er kring hundre fleire enn i vår.

Interessa er så stor at HumanEtisk Forbund planlegg to ekstra seremoniar i Grieghalle­n og ein ekstra i Fana kulturhus. Alt i alt blir det arrangert elleve seremoniar i Bergen neste vår.

For Lykke Løseth er valet enkelt.

– Eg er ikkje døypt og ikkje kristen. Då er det ikkje mykje vits i kristeleg konfirmasj­on, seier 13-åringen, som går på Blokkhauge­n ungdomssko­le i Åsane.

Husnes og Høyanger

– Men eg har lyst til å feire at eg blir vaksen. Eg har familie i Oslo, og konfirmasj­on er ein sjeldan sjanse til å samle heile familien på ein stad.

Også i Knarvik, på Askøy og Os blir 2019 eit rekordår. Knarvik har alltid hatt to, maks tre seremoniar. Neste vår blir det fire. På Askøy har så langt 83 meldt seg på humanistis­k konfirmasj­on.

– Askøy har aldri hatt over 70 før. Os har 76 påmelde mot 62 i vår, seier Bøe-Hansen.

Sogn og Fjordane er det fylket i landet med faerrast humanistis­ke konfirmant­ar, men også der stig interessa.

–Får velje sjølv

Førde i Sunnfjord har størst vekst med 38 påmelde så langt mot 28 i vår, og for første gong blir det truleg arrangert kurs i livssyn og etikk også i Høyanger.

– Det blir ein travel vår. Alle som arrangerer kurs og seremoniar, jobbar som frivillige. Dei brukar fritida si på dette, fortel Bøe-Hansen.

– Korleis forklare den store interessa?

– Ei forklaring er at vi har halde på i så mange år. Tilbodet er blitt meir og meir kjent. Fleire og fleire har delteke på seremonian­e og veit kva det inneber. Mi oppleving er dessutan at foreldre er blitt meir tydelege på at konfirmant­en skal få velje sjølv.

– Alle får plass

Bøe-Hansen forsikrar at alle som vil konfirmere seg humanistis­k, får plass.

Mi oppleving er at foreldre er blitt meir tydelege på at konfirmant­en skal få velje sjølv.

Magnhild Marie Bøe-Hansen, organisasj­onssekreta­er i Human-Etisk Forbund i Region Vest

– Ja, vi lagar nye grupper heile tida og seier ikkje nei til nokon som melder seg på før fristen går ut 1. oktober. Men ingen blir medlem av Humanetisk forbund sjølv om dei blir konfirmert humanistis­k. Ingen blir medlem utan å melde seg inn, understrek­ar ho.

Bjørgvin bispedøme har ikkje statistikk før etter konfirmasj­onen, men ein stikkprøve til nokre kyrkjer, viser ein tendens til litt faerre konfirmant­ar til våren. Eit unnatak er Os.

Ateist og konfirmant

80 prosent av alle som konfirmere­r seg humanistis­k, har foreldre som står i statskyrkj­a. Kristoffer Johannesse­n er døypt, men trur ikkje på Gud.

– Eg er ateist, seier han. – Likevel vil du konfirmere deg?

– Absolutt. Før i tida var det å konfirmere seg som å tre inn i dei vaksne sine rekkjer. Litt sånn er det enno.

Han gler seg til konfirmasj­onskurset i livssyn og etikk i januar.

– Eg er veldig glad i å diskutere og ser fram til å laere meir om både meg sjølv og andre.

 ??  ??
 ??  ?? VEL VEKK KYRKJA: Lykke Løseth og Kristoffer Johannesse­n vil feire at dei er i ferd med å bli vaksne, men ikkje gjere det i kyrkja.
VEL VEKK KYRKJA: Lykke Løseth og Kristoffer Johannesse­n vil feire at dei er i ferd med å bli vaksne, men ikkje gjere det i kyrkja.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway