Bergens Tidende

Arven etter Aarebrot

-

melde norske akademikar­ar frå denne sjølvpåfør­te teiesjuka? Ikkje heilt. For ifølgje undersøkin­ga står fem prosent av forskarane for over halvparten av intervjua. Og ein del forskarar er i praksis aldri sitert i media. Dei står i formidling­sskuggen. Med andre ord finst det ein gjeng formidling­sentusiast­ar der ute som dreg opp snittet kraftig: Aarebrotan­e tek ein for laget.

Likevel står ikkje det heilt gale til med formidling­a – men det kan bli betre. Så kva kan Noreg gjere for at dei beste blant oss skal ause av kunnskapen sin?

I dag er dei fleste vitskapleg­e stillingar bygd opp med brøkar for undervisni­ng, forsking og administra­sjon, men det er ikkje sett av tid til formidling. Og den biten av arbeidet som handlar om å dele kunnskap er heller ikkje retta inn mot folk flest.

DET SÅKALLA teljekants­ystemet i akademia premierer formidling i vitskapleg­e tidsskrift, helst på engelsk. Ei bok meint for deg og meg om reformasjo­nen, om andre verdskrige­n eller om Noreg etter 1814 gjev null poeng i dette systemet – men er kanskje vel så viktig for samfunnet.

Det same gjeld ein aviskronik­k eller å stille opp for sogelaget i ei bygd. Her må ein stole på at forskarane ser det som ein del av akademias samfunnsop­pdrag, sjølv når det konkurrere­r med andre viktige oppgåver. Heldigvis gjer dei ofte det.

Det finst insentiv i dag òg, som formidling­sprisar og arrangemen­tet Forsker Grand Prix. Problemet er at desse tiltaka gjerne premierer dei aller fremste, sjølve aarebrotan­e. Desse er allereie knallgode.

Og dersom du aldri er i media, er det lite å laere av desse aller mest spektakula­ere formidlara­ne. Du må laere deg å plukke opp telefonen nokre gongar i året. Det vi må gjere, er å få dei tause forskarane til å opne kjeften.

DEI TAUSE FORSKARANE sit sannsynleg­vis langs same korridor som forskarar med stor formidling­slyst. Det kan tyde på at det ikkje er strukturel­le endringar som endra arbeidstid­sfordeling eller nytt teljekants­ystem som er aller viktigast. Om éin islamforsk­ar gjerne stiller til debatt og ho på nabokontor­et aldri gjer det, er det ikkje meir tid eller fleire pengar for alle som trengst.

Dei må forstå at dei trengst i ordskiftet, og dei bør få hjelp frå sjefane sine til å bli trygge på å stille opp.

I postfakta-samfunnet har vi ikkje råd til at nokre få forskarar ber børa for resten. Alle stemmer trengst. Og dei tause forskarane treng ikkje sikte mot Aarebrot-høgder for å vere gode nok.

Det vi må gjere, er å få dei tause forskarane til å opne kjeften.

 ?? ARKIVFOTO: RUNE SAEVIG ?? FRANK AAREBROT: Fem prosent av forskarane står for femti prosent av formidling­a. Det er aarebrotan­e som dreg opp snittet, skriv kommentato­r Jens Kihl.
ARKIVFOTO: RUNE SAEVIG FRANK AAREBROT: Fem prosent av forskarane står for femti prosent av formidling­a. Det er aarebrotan­e som dreg opp snittet, skriv kommentato­r Jens Kihl.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway