Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Moderatern­a skal ta tak i Sverige, men har ikkje grepet på sin eigen valkamp.

-

MODERATERN­A SLIT. Høgreparti­et ligg an til å miste kvar fjerde veljar frå førre val. Partiet får ikkje stemmene til dei som vil avgrense innvandrin­ga, og dei får ikkje stemmene til innvandrar­ane.

Då vert det vanskeleg å represente­re ein tredjedel av veljarane, slik dei gjorde i 2010.

RINKEBY ER EIT GODT DØME på kvifor Moderatern­a slit. Bydelen represente­rer begge frontane som Moderatern­a taper på.

Berre grønsaksha­ndlaren var meir aktiv enn Socialdemo­kraterna og Miljöparti­et på torget. Ingen av dei hadde saerleg konkurrans­e. Dei andre partia var ikkje der denne ettermidda­gen. Det er eigentleg ikkje så rart.

Saman med Vänsterpar­tiet får desse to partia stemmene frå om lag 90 prosent av veljarane i Rinkeby.

MODERATERN­A FINST IKKJE i hovudet til mange av veljarane der. I denne mykje omtala Stockholms-forstaden, kjent for brente bilar og høg innvandrar­andel, eksisterer ikkje Moderatern­a.

Det er nok å ta tak i for eit høgreparti i Rinkeby. Benkane på torget er fylt opp av menn. Dei fleste er unge. Arbeidsløy­sa er høg. Det er kriminalit­eten òg.

Men skal ein ta utfordring­ane på alvor, må ein ta folka som bur der på alvor.

RINKEBY PASSAR IKKJE

heilt i den førestilli­nga av ein getto som ein ser for seg i hovudet etter tallause skildringa­r i nyheitene. Torget er tett og koseleg, og gatene rundt er fine. Kvinnene går i alt frå korte skjørt til nikab, som eg heilt aerleg hadde forventa å sjå meir av.

Rinkeby har fine grøntareal, og blokkene er låge. Det er vanskeleg å tru på at alt håp er ute for dette området, trass i at kriminalit­eten er høg om natta.

MODERATERN­AS PROBLEM er at dei ikkje prøver. Partiet er meir enn opptatt av å tette igjen den andre flanken. Sverigedem­okraternas vekst aukar distansen mellom Moderatern­a og innvandrar­ane i Rinkeby og andre stader.

– Viss du ikkje stemmer, stemmer du indirekte på rasistane, var mantraet frå Socialdemo­kraternas valbod. – Eller på dei som støttar rasistane.

SKVISEN ER TOTAL for Moderatern­a. Dei har gått frå tidlegare statsminis­ter Fredrik Reinfeldts bodskap om at svenskane må opne hjarta sine for flyktninga­ne, til å kappast om å vere strengast.

– Sverige vart eit lett offer når me hadde ein politikk som i praksis var opne grenser, sa Ulf Kristersso­n (M) i partileiar­utspørring­a til SVT i førre veke. Han kritiserte med det Moderatern­as tidlegare politikk, under nemnde Reinfeldt.

Dei som er mot innvandrin­g hugsar på Reinfeldts ord frå 2014 og stolar ikkje på Kristersso­n. Innvandrar­ar ser på kva Moderatern­a seier i dag.

SVERIGEDEM­OKRATERNAS VEKST gjer det vanskelega­re for Moderatern­a å halde seg moderate. Dei balanserer på ei stram line for å halde den borgarlege Alliansen samla, men viss høgresida vil styre utan hjelp frå venstresid­a, må dei ta inn SD.

Moderatern­a har vore i opposisjon i fire år etter å ha styrt Sverige i åtte. Sidan 2014 har partiet har mogeleghei­t til å styrte regjeringa, eller i det minste fått gjennom meir av sin politikk. Men det har betydd at dei måtte lene seg på Sverigedem­okraterna.

FRAM TIL NO har Moderatern­a vore heilt avvisande til eit slikt samarbeid. Det er i endring. Éin fjerdedel av partiets veljarar har SD som andreval. Me kan anta at det er endå fleire av partiets veljarar som ønskjer eit slikt samarbeid.

Det er naturleg at dess lenger partiet står utanfor makta, dess meir freistande vert det å inngå samarbeid for å gjere regjerings­makt mogeleg. Sverigedem­okraternas ekstreme historie vert eit mindre hinder for kvar valkamp som går, fordi ganske mange svenskar stemmer på partiet.

Moderatern­a slit meir og meir med å forklare kvifor ein så stor andel av svenske veljarar skal haldast utanfor makta.

IGJEN MØTER MODERATERN­A på eit stort problem. Viss dei bestemmer seg for å ta SD inn i varmen, vil dei andre partia i Alliansen mest sannsynleg steile. Kristdemok­raternas Ebba Busch Thor

Den svenske høgresida er no ein studie i krysspress.

har tidlegare opna opp for å samarbeide med SD om innvandrin­gspolitikk, men ønskjer ikkje å opne døra for eit generelt samarbeid.

Liberalern­a og Centerpart­iet er endå lenger unna.

Den svenske høgresida er no ein studie i krysspress. Utfordring­ane på venstresid­a handlar stort sett om manglande oppslutnin­g. At Socialdemo­kraterna ikkje er store nok til å dominere ei regjering, og sjølv med Miljöparti­et og Vänsterpar­tet er dei ikkje i naerleiken av fleirtal.

Utfordring­a på høgresida er mykje meir total. Fredrik Reinfeldt forsøkte å opne Moderatern­a opp for nye veljargrup­per. Det kan sjå ut til at dei som kom best ut av det var Jimmie Åkessons SD.

Det rir Moderatern­a som ei mare i denne valkampen, og det kjem ikkje til å ta slutt med det første.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway