Bergens Tidende

PC-en hjelpte dei å knekke skrivekode­n

Førsteklas­singane ved Seljedalen skole fekk hjelp av PC-en til å laere å skrive og lese. Snart skal alle elevar i Bergen få digitale verktøy.

-

eAndreklas­singen sit konsentrer­t framfor Chromebook med høyretelef­onar på.

«Du skal vaere snill med ein venn», skriv Albert Folkedal. For kvar bokstav han tastar inn, får han bokstavlyd­en på øyret. Når Albert trykkjer mellomrom, blir ordet lese opp. Og når sjuåringen set punktum, får han heile setninga rett i øyret.

Slik har Albert laert å lese og skrive.

– Eg kunne litt då eg byrja i første klasse, men ikkje så mykje, seier han.

– No kan du både lese og skrive?

– Jepp!

Beste resultat nokosinne

Albert og resten av klassen er pionerar på Seljedalen skole. Som førsteklas­singar var dei først ut med å ta i bruk leseopplae­ringsmetod­en STL+, eit digitalt hjelpemidd­el for å skrive seg til lesing med lydstøtte. Resultatet har vore over all forventnin­g.

– På kartleggin­gsprøver hadde dei best leseresult­at i første klasse nokosinne på vår skule, seier rektor Lene Hundvin.

– Når barn får bruke fleire sansar samtidig, går skrive- og leseproses­sen mykje, mykje fortare. Dessutan blir konsentras­jonen ein heilt annan når elevar brukar høyretelef­onar og ikkje så lett blir forstyrra.

Seljedalen skole har fint besøk denne fredagen. Den nye skulebyråd­en Roger Valhammer fekk høyre om dei gode SLT+resultata då han kom, og han er imponert.

– Det viser at denne typen pedagogisk hjelpemidd­el ikkje er framtida, men notida. Målet er at alle barnehagar og skular i Bergen skal ta i bruk digitale hjelpemidd­el i leik og undervisni­ng, seier Valhammer.

Gjennom storsatsin­ga Smart oppvekst skal skular og barnehagar i Bergen digitalise­rast.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway