Bergens Tidende

Bompengeop­prør

-

EG HAR INGENTING IMOT siddisar og andre rogalendin­gar. Bestevenin­na til mor mi budde i Sandnes, i før-petroleums­k tid. Men eg må seia at eg likte siddisane betre den gongen dei sa eg e’ fra Stavanger, gjårr de’ någe, enn no, når dei rautar eg e’ fra Stavanger, va’ de’ någe.

No har heile Nord-Jaeren gått saman om eit syndig spetakkel for å bli den einaste folkestamm­en på Vestlandet som ikkje betalar bompengar. Det får vera måte på oljemarine­ring og amerikansk­e tilstander i hovudet. Gå hem og vogg! seier eg.

TRUR FLATLENDIN­GANE at alle vi andre vestlendin­gar skal spandera gratis busstrasee­ar og gratis sykkelstia­r og ka’ har du, ka’ tar du til tjuefem milliardar kroner på dei, fordi rogalandsk­e åleinemødr­e med ti ungar i barnehagea­lder berre kan eta kål til middag om dei må betala bompengar? Ta dokkar en bolle!

ROGALENDIN­GAR ER RETT NOK vestlandsm­eistrar i lobbyisme. Medan bergensara­ne krangla, tiltuska siddisane seg status og pengar som oljeby. Seinare har dei forsynt seg med ny godstermin­al og ny godshamn og ny jarnbane. Og undersjøis­ke tunnelar i alle fjordar. Og eigen fylkesmann. Medan bergensara­ne sleit kvarandre i håret.

FIREFELTS MOTORVEG til hyttene deira på Sørlandet og vidare til regjerings­kompisane deira i Oslo er under fullføring. Bompengefr­itt. Kyststamve­gen mellom Kristiansa­nd og Trondheim kjem til å enda i Haugesund. Bergensara­ne kranglar framleis.

BERGENSARA­R HAR BETALT bompengar sidan Olav Kyrre gjekk i bleier. Stadsporte­n på Kalfaret er landets eldste bompengebu. Bergen var den første byen i verda som innførte bompengeri­ng.

BLIR DET IKKJE BOMPENGAR på Nord-Jaeren, skal alle innbetalte bompengar på Vestlandet refunderas­t. Straks. Alle kjerrevega­r på Jaeren skal fredast. På timen. Sykkel og barnevogn må bli einaste tilletne framkomstm­iddel.

Om ikkje jaerbuen belitar seg, kjem bergensara­ne til å slutta å krangla. Då skal det bli andre bollar på Vestlandet. Eg seier ikkje meir.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway