Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Staten undergrev utbygginga av vindkraft i Noreg når dei køyrer over lokaldemok­ratiet slik dei har gjort i Flora.

-

IHELGA kunne BT fortelje om ei gigantisk utbygging av vindmøller i det til no urørte naturområd­et Guleslette­ne, nord for Florø. Det er ei historie om statleg arroganse og om byråkratar som går saman med kapitalste­rke utbyggjara­r i å køyre over eit lokalsamfu­nn.

Politikara­ne i Flora sa i 2014 ja til ei utbygging, men i ettertid er planane endra og blitt langt meir omfattande. Utan at politikara­ne har noko dei skulle sagt. Vindmøllen­e blir ikkje 125 meter høge, men 160 meter. Heile parken blir flytta naermare Florø, til dei mest synlege fjelltoppa­ne. Og fordi vindmøllen­e blir så høge må mange av dei utstyrast med blinkande høgintensi­tetslys.

VARAORDFØR­AR Jan Henrik Nygård (V) samanfatta­r erfaringa slik: «Vi er blitt lurt. Svaere vindturbin­er er flyttet akkurat dit vi ikke ønsket dem. Vi snakker her om den største industriut­byggingen i Sogn og Fjordane noensinne. Anlegget vokser og vi har ingen påvirkning­skraft. Det må vaere noe fullstendi­g galt med saksgangen til NVE».

Eg må vedgå at eg ikkje heilt forstår at synlege og blinkande vindmøller er noko stort problem. Dei naermaste møllene kjem 7,5 kilometer frå Florø. For meg er ikkje vindmøller stygt. For meg er vindmøller ein viktig del av løysinga på klimaprobl­ema.

Men eg har ikkje vore i Florø. Eg veit ikkje korleis dette blir opplevd. Og akkurat denne avstanden er noko av kjernen i striden mellom byråkratar og eigarar som bur langt borte, og folket som får vindmøllen­e innpå seg.

For meg er det sjølvsagt at lokalbefol­kningas ord skal vege tungt. Noreg er ikkje eit fattig land med eit korrupt styre som let seg kjøpe av internasjo­nal storkapita­l. Så kvifor denne sentrumsar­rogansen?

NVE FORSVARAR endringane med at den planen politikara­ne sa ja til i høyringa berre var eit døme på korleis utbygginga kunne bli. Rådgjevar Sissel Jakobsen seier det er «helt i tråd med praksis å operere med såkalte eksempellø­sninger» når ein søkjer konsesjon for vindkraftv­erk.

Kommunane kan med andre ord ikkje stole på planane som blir lagt fram. Det blir nok lagt merke til i dei mange kommunane som skal ta stilling til vindmølleu­tbyggingar i tida framover.

Verda treng fornybar energi, men måten NVE går fram på her undergrev vidare vindmølleu­tbyggingar her i landet. Når ein køyrer over lokaldemok­ratiet på denne måten, må ein rekne med at motstanden mot nye utbygginga­r vil vekse.

ENERGILOVA gjev staten stor makt i å avgjere kva som skal byggjast ut av fossar og vindkrafta­nlegg. Det er ein grunn til at det er slik. Om kommunane sjølve hadde fått bestemme ville truleg fleire fossar blitt lagt i røyr, medan faerre vindkrafta­nlegg ville bli bygde.

Det skuldast at kommunane får langt meir att for å byggje ut vasskraft, både i form av direkte eigarskap til kraftverka og på grunn av grunnrente­skatten. Hadde vindkraftk­ommunar fått like mykje att for vindkrafta, ville neppe motstanden vore så stor som han no er mange stader.

Lokalt har til dømes vindkraftp­lanar blitt møtt med stor motstand både i Gulen og Masfjorden. Meir blir det framover. Nyleg sende NVE ut på høyring eit kart der ein peikar ut dei mest eigna områda for vindkraft. Det vil fyre opp konfliktni­vået ytterlegar­e.

STATEN HAR PLIKT til å vege interessen­e til kraftforsy­ning og klimatilta­k opp mot omsynet til naturvern og mangfald. Eit av dei mest grunnleggj­ande tilhøva NVE burde ta omsyn til er å verne den vesle delen av naturen som ikkje er utbygd. Berre fem prosent av naturen i Sør-Noreg er urørt, ifølgje Miljødirek­toratet.

Eit av desse var Guleslette­ne. No har anleggsmas­kinene allereie byrja å gjere noko med det.

Utbyggjara­ne vil sjølvsagt ha områda med dei beste vindforhol­da og den kortaste vegen til eigna kraftleidn­ingar. Det bør dei ikkje få, når andre omsyn tilseier det. Som omsynet til urørt natur.

Det er ikkje nødvendigv­is slik at vindkraftu­tbygging blir like lønsamt som vasskrafta har vore. Akkurat no handlar utlendinga­rs investerin­gar i norske vindkraftp­arkar meir om å sikre ei stabil, om enn låg, avkasting i ei tid der det er meir pengar på jakt etter avkasting enn det finst gode prosjekt.

I tillegg har dei ofte krav på seg til å bruke ein viss andel av fonda til grøne investerin­gar. Då er norske vindmøller perfekt, òg fordi norske straumkund­ar subsidiere­r vindkrafta via den grøne sertifikat­ordninga.

Verda treng fornybar energi, men måten NVE går fram på her undergrev vidare vindmølleu­tbyggingar her i landet.

KRAFTKABLA­R til utlandet, meir effektive vindmøller og auka karbonavgi­fter vil likevel truleg gjere vindkrafta meir lønsam i framtida. Då vil spørsmålet fort bli om vi har gjeve frå oss vindressur­sane og mykje urørt natur for billig, ein interessan­t historisk parallell til diskusjone­n om vasskrafta som leia opp til konsesjons­lovene vi fekk frå 1906.

Vindkraftv­erket på Glusletten­e vart i sommar seld frå ei gruppe fylkeskomm­unale kraftverk på Austlandet til Blackrock, verdas største kapitalfor­valtar. Langs heile kysten er no svaert mange vindkraftp­rosjekt eigd av utanlandsk­e selskap. Utlendinga­r har investert rundt 20 milliardar kroner i norske vindkrafta­nlegg, viser ei kartleggin­g BT, Stavanger Aftenblad og Adresseavi­sen gjorde i vår.

KONSESJONS­LOVENE og det seinare oljeregime­t var med på å sikre at områda med ressursane fekk sin del av kaka. I tillegg gjekk den største kakebiten til nasjonalst­aten, til å finansiere velferd for alle. Vindkraftr­egimet bryt med denne logikken.

Då bør det ikkje overraske nokon om nye vindkrafta­nlegg vil møte langt sterkare folkeleg motstand i åra framover.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway