Bergens Tidende

Hundelova gjer det farleg å vera hund

- INGVILD TEIGEN

Hundeeigar, Nesttun

men eg føler meg ikkje like trygg.

GRENSA FOR KVA ME TOLER av menneske sin beste ven før me krev avliving, er blitt snevra kraftig inn – takka vera hundelova som blei vedteke i 2003. Paragraf 18 opnar for omplasseri­ng eller avliving av hunden om han har angripe eller skada eit menneske.

Men omgrepa «angrep» og «skade» er i mange dommar blitt tolka svaert vidt. Vanleg åtferd som å bjeffa, hoppa opp på eller markera seg med tenner og munn, er i mange tilfelle blitt nytta som grunnar for avliving. Når lova i tillegg har omgrepet «utrygghets­følelse» som grunn for avliving, er det blitt potensielt farleg å vera hund.

ETTER AT LOVA VART VEDTATT, har det vore fleire saker med avlivingsv­edtak på mange heilt vanlege familiehun­dar, som har utvist ei åtferd som ein tidlegare ikkje ville forventa avlivingsv­edtak for.

To av dei mest omtala sakene gjeld blandingsh­undane Bamse og Bob. Bamse forårsaka eit sår og ikkje eit bitt, men blei likevel dømt til døden. Eigarane førte ein iherdig rettsleg kamp for Bamse, og til slutt fekk han leva etter dom i Lagmannsre­tten.

Men Bob vart dømt til døden av Høgsterett for ei hending som heller ikkje involverte bitt, men politiet meinte at Bob skulle bøta med livet fordi dei oppfatta han som aggressiv i den nemnde situasjone­n.

DØDSDOMEN ER BLITT STÅANDE trass i fagkyndige vurderinga­r om at Bob er ein over gjennomsni­ttet trygg og snill hund. I tillegg har forskrifta om raseforbod ført til at mange hundar er blitt avliva fordi dei har likna på rasar som meir eller mindre er utpeikt til å vera farlege.

At visse rasar automatisk blir sett på som farlege, er problemati­sk nok. Det er både stigmatise­rande for hundane og eigarane deira, men fører òg til at hunderasen blir problemet i seg sjølv i staden for å ta høgda for at i mange tilfelle er det dessverre hundeeigar­ar som ikkje eignar seg for den rasen dei har valt.

HUNDELOVA OG RASEFORBOD­ET har ført til auka frykt og intolerans­e for hundar. Hundar er blitt kravd avliva på eit svaert tynt grunnlag – ofte basert på frykt og manglande kunnskap om og forståing for hundar si åtferd. Er hunden på feil stad til feil tid (og møter feil menneske), kan han bli klaga på med påfølgande tragisk utkome.

Grunnleggj­ande sett handlar det om at me menneske krev total tryggleik i møte med andre artar, og at dei skal tilpassa seg oss utan vilkår.

HUNDEN HAR LEVD MED MENNESKE gjennom tusenvis av år, og har vore til stor hjelp – i redning og ettersøk, i terapi og som selskap, som vakt- og gjetarhund og mykje meir. Det er på høg tid at arten menneske viser seg denne lojalitete­n verdig.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway