Bergens Tidende

Ta ordet, kvinne!

-

3. plasskandi­dat, Bergen Høyres liste til kommuneval­get 2019 eigen evaluering av deltaking på Universite­tet i Bergen fann eg at eg hadde stort forbetring­spotensial. Eg ville meine for å få fleire til å meine. Men framleis er kvinner underrepre­sentert i media, i samfunnsde­batten og i politiske parti.

SKEIV KJØNNSREPR­ESENTASJON i media kan vere eit demokratis­k problem, ifølgje forskarane Elisabeth Eide og Kristin Skare Orgeret. Dei meiner at redaksjona­r som har eit bevisst forhold til kvinners representa­sjon i både artiklar og lesarinnle­gg, bidreg til å lyfte talet på kvinner i media. Samtidig må også kvinnene sjølv ta ansvar og stå fram. Det finns forsking som seier at kvinner vegrar seg meir enn menn for å stå fram med meiningane sine i offentlegh­eita. Den same forskinga viser også at kvinner i større grad enn menn er redd for å såre andre.

KVIFOR ER DET EIT demokratis­k problem? Fordi fleire typar marginalis­ering ofte heng saman. For eksempel kjønn og klasse, eller kjønn og etnisitet. Forskinga som er nemnt ovanfor, syner også at minoritets­kvinner spesielt blir utsett for hatefulle ytringar, og dermed også vegrar seg i større grad enn menn og majoritets­befolkning­a for å ytre seg. Då får vi ikkje ein debatt som syner mangfaldet av meiningar i samfunnet.

STATISTISK SENTRALBYR­Å kan bekrefte det same: Eit velfungera­nde og inkluderan­de samfunn må ha ein deltakande befolkning. Sjølv om deltaking og inkluderin­g er vide omgrep, er poenget at vi må auke talet på kvinner i debattside­ne i landets mange aviser.

Levekårsun­dersøkinga til SSB frå 2011 viser at dobbelt så mange menn som kvinner har skrive innlegg i ei avis eller eit tidsskrift for å påverke ein sak. Det einaste kvinner gjer meir av enn menn i same undersøkin­g, er deltaking i lovlege demonstras­jonar. KVA KAN VI GJERE for å auke andelen? Vi kvinner må ta ordet. Skrive og meine. Kvinner er i mykje større grad i dag enn tidlegare represente­rt i både høgare utdanning, i leiande stillingar og har meir ansvar enn før. Vi skulle tilsynelat­ande også ville meine meir om desse områda vi utdannar oss innanfor og jobbar med. Vi hadde for eksempel ikkje hatt den storstilte barnehageu­tbygginga og den gode foreldrepe­rmisjonen om det ikkje var for at kvinner engasjerte seg i politikken, som den gong var saerdeles mannsdomin­ert.

Media kan gjere noko, men mest av alt kan vi gjere det sjølv. Og vi må tørre å ikkje alltid ha rett.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway