Ein sunn renteoppgang
Det er eit godt teikn at rentene aukar.
I SJU ÅR har rentene berre gått ein veg for norske bustadeigarar, ned. Klokka 10 torsdag fekk mange for første gong oppleve at Noregs Bank sette opp styringsrenta. Det har både dei og resten av samfunnet godt av.
Låge renter er sjølvsagt bra for alle som har lån. For mange gjer difor utsiktene til auka renter livet vanskelegare. Ikkje minst gjeld det bustadkjøparar som har strekt seg langt for å få råd til ein stad å bu.
Men den rekordlåge renta har ført til ein kraftig vekst i gjelda til norske hushaldningar. Det har vore sterkt medverkande til ein tilsvarande vekst i bustadprisane. Bustadprisane har auka langt meir enn folks lønningar. Di lengre slikt får gå føre seg, di større er faren for at det endar i ein brutal økonomisk nedgang.
Difor er det bra, både for folk og land, at rentene no kryp oppover att.
GÅRSDAGENS renteauke var på 0,25 prosentpoeng, frå 0,5 til 0,75 prosent. Rentebanen banken la fram tyder på at styringsrenta vil gå gradvis opp til to prosent i 2021. Det betyr at rentene på bustadlåna naermar seg fire prosent.
Sjølv om bankane er pålagt å krevje at lånekundane klarer minst fem prosent, vil truleg ein del slite lenge før det.
20 prosent av norske lånekundar meiner dei ikkje vil tole meir enn ein prosent renteauke, ifølgje ei undersøking Nordea fekk gjennomført i februar. Ein del av desse seier dei ikkje vil klare rentevekst i det heile.
Når bankane i vekene framover venteleg vil sette opp rentene, vil det vise seg om dette stemmer.
Noregs Bank varslar at dei vil følgje med på verknadene av renteauken for dei gjeldstyngde hushaldningane. Blir nedgangen i forbruket sterkare enn banken trur, vil det kunne bremse renteveksten.
LÅNEKUNDANE sjølve gjer lurt i å følgje rådet til Forbrukarrådet, om å prute på rentene. Norske bankar går med svaert store overskot, og mange kan ha mykje å tene på ein telefon til banken. Eller å flytte lånet til ein annan bank.
Norske bankar går med svaert store overskot, og mange kan ha mykje å tene på ein telefon til banken.
Når renteauke er gledeleg, skuldast det ikkje minst fordi årsaka er at det går betre for norsk økonomi. Arbeidsløysa blir stadig lågare, eksportindustrien er optimistisk og SSB spår at lønsveksten vil ta seg opp.
USAs handelskrigar skaper rett nok noko uvisse om framtida. Førebels er det inga krise i sikte, men uvissa illustrerer òg kvifor det er ein god ide å setje opp renta i oppgangstider: Då har ein noko å gå på viss økonomien skulle snu.