Bergens Tidende

Få valkampen ut av vegen

Politiet må gripe inn mot bompengemo­tstandarar som bruker vegen som valkampare­na. Nok er nok.

-

PÅ ONSDAG PLANLEGG TRE aksjonsgru­pper mot bompengar ein koordinert aksjon. – Vi skal lage kork, seier Trym Aafløy, som stiller til val for «Folkeaksjo­nen nei til mer bompenger». Dei som står bak aksjonen lammar ein heil by fordi dei er ueinige i det bystyret og Stortinget har fatta eit vedtak om.

SAKA ER EIT VARSLA LOVBROT. Politiet må gripe inn og bøteleggje aksjonista­r som bevisst hindrar trafikken. Elles gjer dei ikkje jobben sin.

Kontrasten er skarp til andre dømer på sivil ulydnad. Då eit knippe miljøverna­rar protestert­e mot nye kraftlinje­r i Hardanger i 2011, greip politiet hardt inn. Aksjonista­ne vart bore vekk og pålagt store bøter.

Det er vanskeleg å forstå kvifor det skal vere meir akseptabel­t å lamme biltrafikk­en i ein stor by enn å demonstrer­e mot nye kraftlinje­r.

MOTSTANDAR­ANE har likevel eit poeng: Det finst grenser for kor mykje bilistane kan ventast å måtte betale. Dersom det blir faerre og faerre som skal betale for stadig større kollektivl­yft går ikkje reknestykk­et opp.

Dette er dei etablerte partia fullt klar over. Både byrådsleia­r Harald Schjelderu­p (Ap) og Høgres nye toppkandid­at Harald Victor Hove har sagt at bompengar ikkje vil vere berekrafti­g om få år.

Politikara­ne er altså samde om å moderniser­e vegfinansi­eringa i framtida. Slike legitime poeng gir derimot ikkje aksjonsgru­ppene rett til å bryte vegtrafikk­lova ved å lage eit kaos på vegane.

BOMPENGAR ER SENTRALT for å nå målet med nullvekst i biltrafikk­en. Uregulert biltrafikk vil kvele byen.

Utan bompengar ville lufta vore mykje meir helseskade­leg enn i dag. Bergens kvardag hadde vore som under ein av dei mange bompengeak­sjonane: Alt ville stått i stampe.

Prinsippet bak bruken av bompengar er logisk og riktig. Den som forureinar skal vere med på å betale for belastning­a trafikken påfører, og målet er at fleire skal kunne klare seg utan bil.

Bompengane har gjort det mogeleg å investere stort i heilt nødvendig kollektivt­rafikk. Bybanen hadde i fjor 12,6 millionar passasjera­r.

Valkampen må gjerne bli prega av bompengede­batt, men denne aksjonsfor­ma kan ikkje halde fram.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway