Bergens Tidende

Ein pris i rett tid

-

Raftoprise­n 2018 går til Polens ombodsmann for menneskere­ttar Adam Bodnar. Norske styresmakt­er må ta prisens bodskap alvorleg.

UTVIKLINGA FOR menneskere­ttar og eit fritt sivilsamfu­nn går diverre feil veg i Polen. For berre få år sidan såg svaert mykje ut til å lukkast for landet. Frie val, uavhengig journalist­ikk og eit blømande sivilsamfu­nn berre få år etter at Polen blei eit fritt demokrati i 1989. Var det verkeleg mogeleg? Dei seinare års utvikling har synt at det som er lett vunne, kan vere lett tapt.

Etter at Partiet for lov og rettferd (PiS) vann valet i 2015, har institusjo­nar som domstolar og kringkasti­ng blitt mindre uavhengige organ. Polen er ikkje lange vegen frå Noreg. Granneskap­et bør gjere at Noreg kjenner seg ekstra forplikta til å ta utviklinga alvorleg.

NETT DIFOR er det svaert positivt at Adam Bodnar, den polske ombodsmann­en for menneskere­ttar, får årets Raftopris. Bodnar driv ein viktig kamp for at kvinner, lhtb-personar og andre utsette grupper får sine menneskere­ttar oppfylt. Han meiner at institusjo­nar som vernar om menneskere­ttane er under press i Polen. Hans kamp for eit fritt og levande sivilsamfu­nn er verkeleg ein pris verdt.

EU har innleidd ein prosess der Polen er skulda for å bryte artikkel 7 i EU-traktaten. EU meiner Polen bryt dei grunnleggj­ande verdiane EU byggjer på ved ei domstolref­orm som gjer domstolane meir politisk styrte.

Det er «en klar risiko for en alvorlig krenkelse av rettsstate­ns prinsipper», har EU-kommisjone­ns visepresid­ent Frans Timmermans uttalt. Sjølv om det er lite sannsynleg at denne prosessen fører fram, seier han noko om alvoret i menneskere­ttsstoda i Polen. Slike saker viser òg kvifor tildelinga er høgst aktuell no.

I SLIKE TIDER trengst folk som Bodnar. I grunngjevi­nga for prisen skriv Raftostift­inga: «Det er avgjørende at det internasjo­nale samfunn, EU, Norge og andre europeiske land, markerer et tydelig standpunkt mot rettighets­brudd og angrep mot rettsikker­het og minoritete­rs rettighete­r som pågår i vår egen region.» Det er all grunn til å stø opp om dette kravet.

Utviklinga for menneskere­ttar og eit fritt sivilsamfu­nn går diverre feil veg i Polen.

Polen har lagt press på Noreg for å få styre tildelinga av EØS-midlar sjølv. Det er i utgangspun­ktet positivt at eit land får sjølvråder­ett over slike midlar. Men Polen ønskjer å vri midlane slik at organisasj­onar for homofile, for menneskere­ttar og for abort ikkje lenger får pengar. Ei slik utvikling kan Noreg aldri akseptere.

NORSKE STYRESMAKT­ER bør ta tydeleg standpunkt til støtte for menneskere­ttsaktivis­tar i Polen. Slik kan Noreg vere med på å vise at Raftoprise­n til Bodnar er heilt på sin plass.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway