Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Pensjon frå første krone er Apsaka regjeringa ikkje så lett kan kontre.

-

IDAG BYRJAR behandling­a av det Ap vonar blir deira beste politiske sak denne hausten: «Pensjon frå første krone», ei lovendring som vil gje meir pensjon til ein million arbeidstak­arar, dei fleste i lågtlønsyr­ker som hotell og restaurant, varehandel og reinhald.

Utgangspun­ktet er eit forslag Ap fremja i Stortinget i vår, saman med SV. Dei vil endre lova om obligatori­sk tenestepen­sjon på fire punkt. I dag byrjar behandling­a av forslaget i Finanskomi­teen, som har frist til 23. oktober med å konkludere.

ALLE BEDRIFTER betalar i dagens system inn minst to prosent av løna i tenestepen­sjon for sine tilsette. Men det gjeld ikkje dei første 96.883 kronene av løna, det såkalla grunnbeløp­et. Tener du lite, blir dette frådraget ein stor del av inntekta di. Dermed taper lågtlønte på systemet. Dette frådraget vil Ap/SV fjerne. Andre som heller ikkje får opptent tenestepen­sjon er dei som har deltidssti­llingar under 20 prosent, arbeidstak­arar under 20 år eller arbeidsfor­hold under 12 månader. Her òg vil Ap og SV ha ei endring.

DEN SOSIALE PROFILEN, at dette betrar pensjonen til store grupper lågtlønte, gjer dette til ei god sak for Ap. Langt betre enn haustens andre «viktige sak», om objektsikr­ing. Saka stemmer godt med profilen til partiet, og er heller ikkje så ut på viddene at dei meir høgreorien­terte i Ap går i svart. Dessutan vil LO bli glad.

Det er rett og slett ei sak som kan vinne tilbake nokre av gjerdesitj­arane og venstreavh­opparane i partiet.

Men kanskje det viktigaste for Ap: Dette er eit krav Høgre vil slite med å kontre.

HØGRE HAR vore svaert dyktige i å spele Ap dårleg dei siste åra. Partiet har tatt taktiske steg til venstre, og gått inn i Aps tradisjone­lle rolle som forsvarar av vekst og velferd. Men i denne saka har både Høgre og resten av regjeringa vore tause, etter at dei i vår unnlét å ta med spørsmålet om tenestepen­sjon frå første krone då dei sende ut forslag om justeringa­r av tenestepen­sjonen på høyring.

Likevel er det klart at ingen av regjerings­partia vil støtte forslaget. Høgre og Venstre har sagt tvert nei. Frp har sagt dei vil følgje Naeringsli­vets Hovedorgan­isasjon (NHO), som òg seier tvert nei. Skal dei borgarlege partia har truverd som naeringsli­vsparti må dei stå på det standpunkt­et.

Om Ap og SV får fleirtal er framleis i det blå. Korkje KrF eller Senterpart­iet har konkludert.

FINANSDEPA­RTEMENTET har rekna ut at dei fire forslaga til saman vil koste norske bedrifter 4,8 milliardar kroner. Forslaget om pensjon frå første krone vil åleine koste rundt 3,4 milliardar. Fordi det her er snakk om rundt ein million arbeidstak­arar, blir dette ikkje meir enn rundt 3400 kroner pr. arbeidstak­ar. Det er mindre enn dei venteleg vil få i lønstilleg­g til våren.

Hadde Stortinget vedteke lova, kunne bedriftene i prinsippet kravd tilsvarand­e kutt i lønsoppgje­ret. NHO fryktar likevel at det kan bli vanskeleg, og at dei vil bli møtt med krav om å ta att lønsgapet i seinare oppgjer.

NHO ARGUMENTER­ER òg med at endringane vil gjere folk mindre motivert til å arbeide. Det vil svekkje «arbeidslin­ja», skriv NHO, vel vitande om at den linja er like heilag for høgresida i Ap som i partiet Høgre.

Argumentas­jonen er om lag slik: Sjølv om lågtlønte får mindre tenestepen­sjon med dagens system, blir det meir enn kompensert gjennom den delen av pensjonen dei får frå staten, altså folketrygd­a. Tener du 290.000 i året (tre gongar grunnbeløp­et, 3G) vil du ende med 82 prosent av løna i pensjon, medan du med ei årsløn på 581.000 (6G) vil få 61 prosent. Etter skatt er forskjelle­n endå større.

Dette er viss arbeidsgje­var betalar inn minimumskr­avet på to prosent av løna i tenestepen­sjon, som gjeld svaert mange av dei som vil bli treft av dei føreslegne endringane.

Med Aps forslag om opptening frå første krone vil utbetaling­ane auke til høvesvis 85 og 62 prosent.

Det NHO meiner påverkar arbeidslys­ta er at forskjelle­n på løn og pensjon blir så liten for låglønsgru­ppene, at dei ikkje har noko saerleg motivasjon for å stå lenger i jobb. Det held ikkje heilt: Pensjonen til lågtlønte vil òg bli høgare di lenger dei står i jobb. For mange kan det jo vere ein motivasjon at dei kan gå opp i løn når dei pensjonere­r seg.

Men det utrekninga­ne viser, er at lågtlønte ikkje kjem dårleg ut av dagens system, sjølv om det kan vere tøffare å gå ned i inntekt som pensjonist når løna di allereie i utgangspun­ktet er låg.

DET STERKASTE argumentet til NHO er at ei slik tukling med det norske pensjonsfo­rliket er ei oppskrift på trøbbel. Pensjonsfo­rliket var på mange måtar Arbeidarpa­rtiets verk. Men Jens Stoltenber­g forstod at om forliket skal stå seg over tid, må det ha brei politisk støtte.

Heile hovudpoeng­et med pensjonsre­forma er å bremse veksten i pensjonsut­giftene, og å motivere folk til å stå lenger i jobb. Mange vil tape i forhold til det gamle systemet, og det byrjar no å merkast. Det skaper motstand og nye krav. Pensjonist­forbundet har til dømes for lengst byrja kampen mot underregul­eringa av pensjonane.

Viss Stortinget no byrjar å gje enkeltgrup­per betre vilkår, kan det setje i gang ein spiral som set heile pensjonsfo­rliket i spel. Det burde vere ein tankekross, ikkje minst i Ap. Så sjølv om høgresida i Ap kanskje ikkje går i svart, er det sider ved dette forslaget som bør gjere dei litt urolege.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway