Bergens Tidende

Det handlar faktisk om trafikksik­kerheit

- HENNY-KRISTIN ASPERANDEN NAVARSETE

Nestleiar NTL Veg (Norsk Tenesteman­nslag i Statens vegvesen) fylkesvega­ne frå Statens vegvesen til fylkeskomm­unane. Statens vegvesen kartla konsekvens­ane av ei slik flytting, og i rapporten «Frå sams og samling» kom det klårt fram at ei slik flytting vil føre til svekkja kompetanse­miljø, auka administra­sjon og auka kostnadar.

Rapporten har vore på høyring, det kom nesten 50 uttalar. Berre fylkeskomm­unane var positive til å flytte oppgåvene frå Statens vegvesen til fylkeskomm­unane.

FYLKESORDF­ØRAR JENNY FØLLING (Sp) i Sogn og Fjordane seier i eit intervju med NRK Sogn og Fjordane 18. september at Sams vegadminis­trasjon er ei saernorsk ordning, og at det vil gå fint å dele vegansvare­t i Noreg slik ein gjer i andre land. Eg registrere­r at ho utan naerare konkretise­ring meiner at fylkeskomm­unen vil klare oppgåvene knytt til bygging, drift og vedlikehal­d av fylkesveg heilt fint. Eg registrere­r derimot ikkje eit einaste fagleg argument frå Følling som tilseier at trafikanta­ne får betre eller meir veg for pengane ved å flytta oppgåver frå staten til fylkeskomm­unen.

For at fylkeskomm­unane skal få meir makt, vil politikara­ne gjerne ha slutt på denne ordninga. Men for dei tilsette i Statens vegvesen handlar dette verken om makt eller status, det handlar om kompetanse­miljø og trafikksik­kerheit.

DET KAN VERA VANSKELEG å forstå kompleksit­eten i oppgåvene som er knytt til bygging, drift og vedlikehal­d av fylkesvega­ne våre, men eg skal prøva å summera det kort:

4000 HOVUD med ulik kompetanse leverer oppgåver innan bygging, drift og vedlikehal­d av fylkesveg i Noreg.

BERRE EIT FÅTAL av dei tilsette i Statens vegvesen jobbar berre med fylkesveg. Det viktige for Statens vegvesen er å finna gode trygge løysingar for trafikanta­ne – uavhengig av om det er fylkeselle­r riksveg. ULIKE FAGOMRÅDE jobbar saman for å finne gode og trafikksik­re løysingar. Arbeidet

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway