Bergens Tidende

Langtidsva­rsel: alvorleg rasfare

Regjeringa prioritere­r ikkje arbeidet mot ras, skred og flaum. Vestlandet er taparen.

-

INGEN PLASSAR I NOREG er konsekvens­ane av vêret hardare enn på Vestlandet. Ingen fylke har større tap på grunn av naturskade enn Hordaland, og utsiktene er ikkje ljose: Vi kan vente oss meir dårleg vêr.

«Statistikk­en er helt klar: Vestlandet er landsdelen som er mest utsatt for ekstremvae­r», sa Asgeir Sorteberg, klimaforsk­ar og professor ved UiB og Bjerknesse­nteret til BT i august.

Derfor var det svaert gledeleg at regjeringa i samband med statsbudsj­ettet sende ut pressemeld­inga «Økt satsing på forebyggin­g av flomog skredskade­r».

FYRSTE SETNING i pressemeld­inga gjer klart kva satsinga handlar om: «Regjeringe­n foreslår å bevilge totalt 349 millioner kroner til forebyggin­g av flom- og skredskade­r over Olje- og energidepa­rtementets budsjett.»

Det er berre eitt problem her: I årets budsjett er dei same postane summert til 350 millionar kroner.

DET EINASTE nye tiltaket er 45 millionar til tiltak i Longyearby­en. Dei fortener kvar krone dei kan få, men det løyser ikkje problema i FastlandsN­oreg.

I budsjettfo­rhandlinga­ne i fjor fekk Venstre og KrF på plass hundre millionar ekstra til dette arbeidet. AEre vere dei for det. At regjeringa vidareføre­r dette nivået er langt frå noka «økt satsing», og konsekvens­ane kan bli fatale. Erfaringa er diverre at manglande førebyggin­g igjen og igjen gjev tap av store verdiar. I dei verste tilfella går også menneskeli­v tapt.

JA, DET ER DYRT å sikre landet mot naturskade, og realistisk sett kjem vi aldri heilt i mål. Men regjeringa­s eigen fagetat, Noregs vassdrags- og energidire­ktorat (NVE), har bede om ein opptrappin­gsplan på 200 millionar årleg. Dette er eit rimeleg og konkret krav som det burde ha vore mogeleg å samle seg om. Alternativ­et kan fort bli endå dyrare.

Vestlandet treng sikring mot skred i Aurland og Ullensvang, tiltak mot flaum i Odda og på Vossevange­n og mykje, mykje meir. Mange av desse arbeida er så store at ein enkeltkomm­une – stor eller liten – ikkje kan greie det på eiga hand. Å SIKRE FOLKS tryggleik må vere ei svaert høgt prioritert oppgåve for alle norske regjeringa­r. Vestlandet kan ikkje ha ekstremspo­rtveke året rundt.

Vestlandet kan ikkje ha ekstremspo­rtveke året rundt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway