Bergens Tidende

Flytta 30 campingvog­ner på Voss

-

Vangsvatne­t steig så raskt laurdag kveld, at campingvog­neigar Øyvind Kårbø fekk det veldig travelt.

Minutt for minutt følgde ein gjeng campingvog­neigarar med på vatnet, som steig med 20 cm i timen.

Ved 22-tida fekk dei det plutseleg travelt.

– Vi såg at dette ikkje gjekk lenger. Etter ei kort rådslagnin­g heiv vi oss rundt og tok til å evakuere campingvog­nene, fortel Øyvind Kårbø.

Først flytta han si eiga vogn. Så tok han til å flytta andre sine. Både laurdagsna­tta og sundagsmor­gonen gjekk med. Då BT snakka med Kårbø sundag føremiddag, var han temmeleg sliten.

– Vi har gjort alt som står i vår makt for å redde ut verdiar. Vi har jobba i heile natt, køyrt ut kring 30 campingvog­ner og flytta på isocampar med tunge telt i metall. Jammen fekk vi det travelt på slutten!

Noregs vassdrags- og energidire­ktorat har sendt ut oransje varsel om jord- og skredfare i Hordaland og Sogn og Fjordane. Fargen betyr at det kan oppstå utfordrand­e situasjona­r som flaum og erosjonssk­adar på utsette stader.

Det er ikkje første gong campingvog­nene til Øyvind Kårbø frå Knarvik er i fare. Under 200-årsflaumen på Voss i 2014 kom han for seint.

– Eg hadde ikkje sjanse til å redde ut vogna, som tok inn vatn og vart øydelagt, seier Kårbø, som ikkje legg skjul på at han er irritert på Voss kommune.

– Med enkle grep som sand, kunne kommunen forhindra at vatnet kjem inn på denne måten. Voss kommune gjer veldig lite for campingtur­istane.

Like før var vossaordfø­rar Hans-Erik Ringkjøb på inspeksjon ved Vangsvatne­t.

Sundag klokka 15 registrert­e NVE sin målar for vasstand på Bulken eit nivå på 4,97 meter over nullpunkte­t. Det er 20 centimeter over nivået for tiårsflaum.

– Det er veldig mykje vatn. Det tek til å bli skummelt, og vi går eit spennande døgn i møte, seier Ringkjøb.

 ??  ?? DØGNSKIFT: Sidan laurdag kveld har Øyvind Kårbø hatt hendene fulle med å evakuere si eiga og kring tretti andre campingvog­ner frå Voss camping.
DØGNSKIFT: Sidan laurdag kveld har Øyvind Kårbø hatt hendene fulle med å evakuere si eiga og kring tretti andre campingvog­ner frå Voss camping.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway