Bergens Tidende

Resett-redaktør oppfordrar folk til å melde seg inn i KrF

- KJERSTI MJØR kjersti.mjor@bt.no PÅL ANDREAS MAELAND

Nettavisa Resett har starta ein aksjon for å få lesarane til å melde seg inn i KrF. Målet er å redde Solberg-regjeringa.

«Det koster kun 325 kroner å bli medlem, og bare 100 kr om du er under 26 år. Etter at landsmøtet er over, kan dere jo melde dere ut igjen», skreiv Resett-redaktør Helge Lurås laurdag.

Det ekstraordi­naere landsmøtet i KrF 2. november naermar seg; eit møte som kan bli avgjerande for både KrF og Solbergreg­jeringa. På møtet skal KrF velje mellom høgre- og venstresid­a.

Etter at partileiar Knut Arild Hareide sa offentleg at han går for Ap, melde fleire hundre personar seg inn i KrF.

No har resett.no starta ein motaksjon: «Bli med og bruk en historisk mulighet til å påvirke norsk politikk for mange tiår fremover», skriv Lurås, som oppfordrar lesarane til å melde seg umiddelbar­t inn i lokallag som enno ikkje har hatt ekstraordi­naert årsmøte.

Kven som helst kan melde seg inn i KrF, opplyste han, og frå første dag vere med på å stemme og delta som delegat på landsmøtet.

Lysglimt tok Lurås på ordet

Alt søndag hevda resett.no at «tusenvis av Resett-lesere er i ferd med å melde seg inn i KrF». Hilde Frafjord Johnsen, generalsek­retaer i KrF, opplyser til BT at KrF inntil laurdag kveld hadde 1945 nye medlemmer.

– Ingenting tyder på at vi har fått inn tusenvis av medlemmer sidan då, skriv ho i ein sms til BT.

Men ein av dei som har tatt Lurås på ordet, er Hans Jørgen Lysglimt Johansen.

– Heilt klart. Eg har meldt meg inn i KrF for å prøve å påverke og sørge for at KrF blir på borgarleg side, slik at vi ikkje får ei sosialisti­sk leia regjering i Norge, seier Johansen til BT.

Omstridt aktivist

Johansen er ein omstridt politisk aktivist og tidlegare leiar av Fridemokra­tene. I 2016 stifta han «Alliansen – Norge ut av EØS», eit parti med folkeavste­mning om norsk EØS-medlemskap som einaste sak.

Han er også kjent som ihuga Donald Trump-tilhengjar, og har mellom anna kome med utsegn som har blitt oppfatta som antisemitt­iske.

– Jødane er ein viktig maktfaktor i samfunnet, men det får ein ikkje lov til å snakke om. Då kjem det gruppering­ar betalt av sionistar og seier at det kan man ikkje seie, sa til dømes Johansen til Adresseavi­sen i vår.

Johansen seier til BT at han har bede sine folk i Alliansen og Allianseun­gdommen om å gjere som han og melde seg inn i KrF.

– Alliansen er annleis enn andre parti. Vi har ikkje medlemmar og dermed ingen eksklusivi­tetseller eksklusjon­sparagraf. Vi er meir som ei folkerørsl­e, og derfor passar denne typen aksjonar oss veldig bra.

– Avskalla, utvatna

– Er planen å melde seg ut igjen 2. november?

– Vi får sjå. Dette er første gong eg melder meg inn i eit klassisk parti. Som dei fleste andre nordmenn, er eg både døypt og konfirmert, og det gjer at det følest naturleg for meg å ha ei forankring i kristendom­men. Kanskje vel eg å behalde medlemskap­et. Tida vil vise, seier Johansen og legg til:

– Norge treng ei oppvakning og kristendom­men er ein sentral del av det. Ingen ting ville vere meir fantastisk enn om Norge redda seg sjølv gjennom kristendom, men ikkje den avskalla, utvatna kristendom­men, som Hareides omvending til venstresid­a. Eigentleg er dette siste stopp i eit langt, langt fall som KrF har opplevd over tid.

– Men det er ikkje på grunn av kristendom du har meldt deg inn?

– Heilt korrekt. Årsaka er faren for ei sosialisti­sk regjering.

Partileiar Knut Arild Hareide har sendt denne kommentare­n til BT på sms:

– Eg registrere­r at ytre høgre vart så oppbrakt over mitt råd til partiet, at dei no prøvar å undergrave den interne prosessen i KrF. Vi ser heldigvis svaert få teikn til dette så langt. KrF har ein svaert robust medlemsorg­anisasjon med over 25.000 medlemmer. Det er KrFs trufaste medlemmer som skal avgjere dette.

Hans Jørgen Lysglimt Johansen

 ?? FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB SCANPIX ?? MOBILISERE­R: Resett-redaktør Helge Lurås oppfordrar lesarane sine til å melde seg inn i KrF før det ekstraordi­naere landsmøtet. «Etter at landsmøtet er over, kan dere jo melde dere ut igjen», skriv han.
FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB SCANPIX MOBILISERE­R: Resett-redaktør Helge Lurås oppfordrar lesarane sine til å melde seg inn i KrF før det ekstraordi­naere landsmøtet. «Etter at landsmøtet er over, kan dere jo melde dere ut igjen», skriv han.
 ??  ??
 ?? FOTO: HEIKO JUNGE, NTB SCANPIX ?? NYTT KRF-MEDLEM: På oppfordrin­g har den politiske aktivisten Hans Jørgen Lysglimt Johansen nettopp meldt seg inn i KrF.
FOTO: HEIKO JUNGE, NTB SCANPIX NYTT KRF-MEDLEM: På oppfordrin­g har den politiske aktivisten Hans Jørgen Lysglimt Johansen nettopp meldt seg inn i KrF.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway