Bergens Tidende

Klimakvote­r

-

Sjuande far i BT NEW YORK ER DET NYE LONDON, seier dei som har nok pengar og stil. I gamle dagar, før dei hadde fått dreisen på luftkyssin­g, (var det først venstre kinn, så høgre kinn, eller var det omvendt?) sa dei at dei simpelthen elska London. No simpelthen elskar dei ovale helger i New York. Med litt dårleg klimasamvi­t, naturlegvi­s. Berre litt. Akkurat passe.

FOLK SOM VEIT ALT OM up-andcoming bydelar og konsertar og fesjå og freshe bruktbutik­kar i New York, utjamnar det økologiske fotavtrykk­et med tinderangl­inga i Lyngsalpan­e og segling i Blindleia og reddik i balkongkas­sen når dei er i gamlelande­t. Det skal dei ha. Folk som skal på oval helgetur til hytta på Kvamskogen eller på sjåppingtu­r til London eller heim til Misje til jul, er klimasynda­rar utan stil.

NORDMENN HAR europeisk rekordi flyging, med veldig varierande samvitsnag. Meir enn halvparten av alle norske reiseklima­gassar slepper vi ut om bord i fly, ifølgje Miljøvernd­irektorate­t. Europareko­rden skuldast ikkje berre at landet er så irrasjonel­t langt og så overfylt med ikkje-robuste utkantar. Oljesmurde, norske gamlingar har fått det for seg at Syden er eit nav-tiltak, og at dei har krav på ein fast kvote med sydenturar og tax-fritt i året. Gamlingar som går rundt og opptek plass trur dei kan sleppa unna med at dei er for gamle til å berga verda. Blotta for skuldkjens­le.

ERIK SOLHEIM, FNS MILJØSJEF, har norsk rekord i flyging. For å berga verda, inklusiv norske gamlingar og ovale helger i New York. Så lenge kinesarar og pakistanar­ar stort sett held seg på bakken, er akkurat passe dårleg klimasamvi­t til å leva med. Det får halda i mi tid.

DU HAR KANSKJE aldri vorepå oval helgetur, korkje i London eller i New York. Men berre litt. Det hadde vore verre dersom alle verdas nye borgarar vart utstyrte med ein klimagassk­vote. Då måtte det blitt kvotesal for ovale helger i New York. Elles ville det berre blitt ein einaste tur mellom konfirmasj­onen og siste utkall frå Nav. up and coming.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway