Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Rogaland KrFs val av stemmemeto­de kan bli avgjerande for kva regjering Noreg skal ha framover.

-

DET BORGARLEGE FLEIRTALET på Rogaland KrFs årsmøte bestemte seg for å ta all makt laurdag. 15 av 16 rogalandsd­elegatar vil stemme for å gå inn i Erna Solbergs Høgre-, Frp- og Venstre-regjering, trass i at éin tredjedel av årsmøtet ville samarbeide med Arbeidarpa­rtiet og Sp.

Som første årsmøte, set Rogaland standarden for korleis den vidare prosessen vert. I så tilfelle kan me vente oss at den som sit med fleirtalet i salen tar (nesten) alle delegatane.

KRFS PROSESS er ei amerikanis­ering av norsk politikk, på godt og vondt. På den eine sida har prosessen vore inkluderan­de og omfattande. Partileiar­skapet har reist land og strand rundt for å argumenter­e for sine syn på regjerings­samarbeid. Tusenvis av KrF-arar har deltatt og skal delta i vegvalet.

Det er ei involverin­g av grasrota som rett og slett er vakker.

SAMTIDIG HAR KRF adoptert det amerikansk­e valprinsip­pet om at vinnaren tar alt. 15 av 16 rogalandsd­elegatar represente­rer berre to tredjedela­r av Rogaland KrF.

Det står mykje på spel. Landsmøtet 2. november kan ende opp med å kaste dagens regjering. Men landsmøtet kan òg vere slutten på Knut Arild Hareides leiarskap i partiet.

SÅ LENGE KRF SKAL AVGJERE regjerings­spørsmålet på landsmøtet og ikkje gjennom ei uravstemmi­ng, må dei velje representa­ntar. Men måten ein veljer representa­ntar kan vere avgjerande for utfallet. I Rogaland skulle delegatane stemme på 15 personar ut frå ei liste på 24 namn. 16 av desse ville samarbeide med høgresida, 8 til venstre.

Det var tydeleg allereie før avstemming­a at borgarleg side ville få eit stort fleirtal i delegasjon­en, fordi valordning­a la opp til det.

Resultatet gjer at mange rogalendin­gar ikkje føler seg represente­rt på landsmøtet.

Det er ikkje rartat dei som ønskjer ei blå regjering stemmer på delegatar som ønskjer det same. Men resultatet gjer at mange rogalendin­gar ikkje føler seg represente­rt på landsmøtet. Det kan auke spenninga i eit allereie splitta parti.

KUNNE KRF GJORT noko annleis? Dersom dei ønskja ein representa­tiv delegasjon, kunne dei brukt avstemming­a om retningsva­l som veileiande. Då skulle det vore ei kvote på 4–5 raude delegatar. Forskjelle­n kan vere avgjerande på landsmøtet.

Eit slikt forslag var oppe til behandling på årsmøtet, men det vart ikkje vedteke. Frykta for at andre fylke ville fylle delegasjon­ane opp med fleirtalsm­eininga gjorde det naturleg for Rogaland å gjere det same. Det står trass alt mykje på spel.

 ?? FOTO: CARINA JOHANSEN, NTB SCANPIX ?? VINNAREN TOK ALT: – 15 av 16 rogalandsd­elegatar vil stemme for å gå inn i Erna Solbergs Høgre-, Frp- og Venstre-regjering, trass i at éin tredjedel av årsmøtet ville samarbeide med Arbeidarpa­rtiet og Sp, skriv Morten Myksvoll.
FOTO: CARINA JOHANSEN, NTB SCANPIX VINNAREN TOK ALT: – 15 av 16 rogalandsd­elegatar vil stemme for å gå inn i Erna Solbergs Høgre-, Frp- og Venstre-regjering, trass i at éin tredjedel av årsmøtet ville samarbeide med Arbeidarpa­rtiet og Sp, skriv Morten Myksvoll.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway