Bergens Tidende

Hareide, du har våga å reisa ein viktig debatt

- TORIL MONGSTAD

Lindås leggja hovudet ditt på blokka. For det veit du at du gjer.

Du har som mange andre sett at det er svaert stor avstand mellom det statsminis­teren og regjeringa seier, og det dei gjer. Det er faktisk slik at den politikken som vert ført i dag, aukar skilnadene i samfunnet.

Det hjelper ikkje å seia at ein arbeider for mindre skilnader samstundes som ein gjev større skattelett­e til dei som har mest, kuttar i barnetille­gget i overgangss­tønaden, tar bort fritak av eigendelar for kronisk sjuke, hindrar auke i barnetrygd­a, aukar barnehageb­etalinga samt mange andre tiltak som svekkjer økonomien til dei svakast stilte i samfunnet.

EIN SLIK RETORIKK er farleg. Du har sett resultata av denne politikken, og du er tydeleg på kva du ønskjer for landet vårt. Du ønskjer eit samfunn der verdiar som fellesskap, omtanke, medkjensle, meir likskap og meir solidarite­t også over landegrens­ene står høgast. Og du reiser spørsmål som gjer at kvar einskild av oss må kjenna ansvar for å sjølve ta diskusjone­n og valet som trengst.

Det er enno tid å stansa den usolidaris­ke politikken regjeringa fører, det er enno tid å halda fast ved og vidareutvi­kla den gode og inkluderan­de samfunnsmo­dellen me har.

Stå på, Knut Arild! Køyr prosessen din slik du ønskjer. Eg er viss på at du ikkje let deg skremma av usaklege utspel frå Høgre og resten av regjeringa, men gjer det du må ut frå ei sterk overtyding om kva som er den rette vegen å gå.

Stå på, Knut Arild! Køyr prosessen din slik du ønskjer. Eg er viss på at du ikkje let deg skremma av usaklege utspel frå Høgre og resten av regjeringa,

skriv innsendare­n.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway