Bergens Tidende

Berit Grønnestad tapte kampen for bestevenen­s liv

- BJØRN ASLE NORD bjorn.nord@bt.no

Tingretten meiner Quercus må avlivast. Hunden angreip og beit eit lam.

Berit Grønnestad (64) gjekk til sak mot staten etter politivedt­aket om å avlive Quercus. Kvinna frå Sandane tapte saka.

– Eg er berre så sint og lei meg, seier Grønnestad.

Sogn og Fjordane tingrett meiner det ikkje er ein ubetydeleg risiko for at Quercus vil angripe og bite igjen. Difor må hunden bøte med livet.

Berit Grønnestad glei og mista Quercus på ein blåbaertur 19. august i fjor. Ho fann hunden samantulla i eit straumgjer­de, ved sidan av eit skadd lam.

Quercus hadde bite lammet i halsen. Husdyret var så hardt råka at det måtte avlivast.

BT fortalde tidleg i oktober historia om Grønnestad og bestevenen.

– Hendinga med lammet var eit uhell, sa ho og tok på seg skulda.

– Ingen nytteverdi

– Det kjennest meiningsla­ust at dei skal ta livet av han. Det er nifst å oppleve dette, seier Grønnestad.

Quercus var den som betydde mest for henne i kvardagen og som fekk henne med på tur.

« … ei avliving av hunden vil ha stor innverknad på hennar psykiske helse og funksjonsn­ivå,» skriv psykologen hennar.

– Det tok dei ikkje omsyn til, Quercus har visst ikkje nytteverdi, seier Grønnestad.

Ho har ein månad på seg til å anke.

– Eg greier ikkje å gje meg. Det er meg dei i tilfelle bør straffe, seier hundeeigar­en.

Ville flytte frå bygda

Grønnestad blei dømt til å betale sakskostna­der på 55.274 kroner. Før rettssaka hadde utgiftene hennar til saka kome opp i naer 300.000 kroner.

– Eg får sjå om eg har råd til å kjempe vidare, seier Grønnestad.

Retten har inntrykk av at Grønnestad til ei viss grad bagatellis­erer åtferda til hunden, og la og vekt på den utrygge kjensla Quercus har skapt i naermiljøe­t.

Grønnestad har sagt seg villig til å flytte frå Sandane med hunden sin, men flytting eller omplasseri­ng fjernar ikkje faren for nye angrep, meiner retten.

BT har vore i kontakt med eigaren av lammet.

– Eg kjenner meg ikkje lenger som part i denne saka. Eg vil difor ikkje kommentere noko som helst, seier han.

 ?? FOTO: PRIVAT ?? KNEKT HUNDEEIGAR: Quercus kan kome til å angripe igjen, meiner tingretten. Berit Grønnestad føler seg knekt, men vurderer likevel å anke saka.
FOTO: PRIVAT KNEKT HUNDEEIGAR: Quercus kan kome til å angripe igjen, meiner tingretten. Berit Grønnestad føler seg knekt, men vurderer likevel å anke saka.
 ??  ?? FAKSIMILE:frå 2018.
FAKSIMILE:frå 2018.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway