Bergens Tidende

Saudi-Arabias blodige krig

Regjeringa bør bli tøffare i sin kritikk av regimet i Riyadh.

-

SIST ONSDAG bomba den saudiarabi­ske koalisjone­ns fly nok ein gong eit sivilt mål i Jemen. På ein utandørs frukt- og grønsaksma­rknad i småbyen Bayt elFaqih vart 21 barn, kvinner og menn drepne.

Koalisjone­n har bomba ei rekkje sjukehus, fleire bryllaupsf­ølgje, ein skulebuss og ei rekkje andre sivile mål. Ifølgje Røde Kors er no 22 av landets 27 millionar innbyggjar­ar avhengige av naudhjelp. Men krigen hindrar hjelpeorga­nisasjonan­e å nå fram til alle.

DEN BLODIGE krigføring­a i Jemen, som har skapt verdas verste humanitaer­e krise, er åleine grunn for at Noreg bør vurdere hardare tiltak mot regimet i Saudi-Arabia. Det bestialske drapet på regimekrit­ikaren Jamal Khashoggi i Saudi-Arabias konsulat i Istanbul ein annan.

Den norske regjeringa har førebels offentleg nøgd seg med å uttrykkje «bekymring» for menneskere­ttssituasj­onen i landet, noko utanriksmi­nister Ine Eriksen Søreide (H) tok opp med den saudiarabi­ske ambassadør­en i august.

NOREGS FORSIKTIGE haldning skuldast truleg Saudi Arabias viktige rolle som ein alliert av Vesten og som oljeekspor­tør. Store vestlege land som USA, Storbritan­nia og Frankrike støttar den sunnimusli­mske koalisjone­n som sidan 2015 har bomba Jemen.

Årsaka er at dei sjiamuslim­ske Houthi-opprøraran­e, som starta krigen i Jemen, blir oppfatta å gå Irans aerend. Såleis er millionar av jemenittar offer for storpoliti­kkens brutalitet.

Etter prins Mohammed bin Salman overtok den reelle makta i Saudi-Arabia har landet tatt nye steg i autoritaer retning. Titals journalist­ar og bloggarar er blitt arresterte.

Salman stod fram i byrjinga som ein progressiv reformator, fordi han gav kvinner lov til å køyre bil. Men dei kvinnelege aktivistan­e som kjempa fram endringa, vart seinare fengsla.

I EI VERD DER autoritaer­e og udemokrati­ske krefter er på frammarsj, blir det stadig meir problemati­sk å stå som passiv tilskodar, slik Noreg gjer. Land som Sverige og Canada har langt på veg stått åleine i å rette kraftig kritikk mot menneskere­ttsbrota i SaudiArabi­a. Noreg har vald å gå stille i dørene.

Det er ikkje lenger godt nok. Det er på tide å setje ned eit merke, hit men ikkje lenger. Regjeringa bør difor ta kraftigare avstand frå regimet i Riyadh.

Viss ikkje Noreg har mot til å stå opp for dei verdiane vi trur på i denne saka, kvar skal vi då setje grensa?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway