Bergens Tidende

Tvang skal ikkje vere del av norske tradisjona­r

- RANDI FØRSUND

Filmskapar verjemålsl­ova og lova om samtykkeko­mpetanse lyt skrotast før Noreg blir eit skrekkland for omverda. Det er leikande lett for pårørande å nappe eldre eller sjuke for samtykkeko­mpetanse medan andre pårørande og fastlegar står som hjelpelaus­e statistar. Diagnosar og dokumentas­jon er ikkje naudsynt, vegen til politiet er alarmerand­e kort.

DET SER UT TIL AT DET ER arvingar, det lokale helsevesen og allereie overbetalt­e verjer som gagnar på lova om samtykkeko­mpetanse. Ikkje den sjuke eller eldre. Desse gruppene vert fanga av vedtak det tek månader og år å kome ut av. «Kognitiv svikt» kan brukast uavhengig av om du er dement eller treng psykiatris­k behandling. Utan løyve frå fastlege.

EIN FASTLEGE er nemleg ikkje lenger fastlege, men kven som helst som er tilsynsleg­e der du måtte bli lagt inn. Korleis har ei slik lov i det heile hatt høve til å sjå dagens lys i Noreg i våre dagar? Det er ei lov som lagar familietra­gediar og mogeleggje­r overgrep på sjuke, eldre og hovudpårør­ande. Dei vi alle trur samfunnet skal verne.

LOKALE HELSEMYNDI­GHEITER utan kjennskap til pasienten, pårørande som ikkje bur med pasienten, verje som får bestemme kor den sjuke skal bu og låser all økonomi. På eit blunk er livet eit mareritt, styrt av menneske som ikkje kjenner korkje deg eller helsetilst­anden din på naert hald.

ALLE DEI NAERASTE relasjonan­e og medisinsk ekspertise vart systematis­k sett til side gjennom heile tragedien i Tolga. No skal det rydjast opp. Dei ansvarlege skal gjere opp for seg. Det ser eg fram til. Menneskere­ttar er ikkje ei handelsvar­e, heller ikkje i rike land som Noreg. No må vi rydde opp i den lettvinte omgangen med utbreidd bruk av tvang.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway