Bergens Tidende

Fedje fortener ny stortingss­ak

Regjeringa bør sikre at alle alternativ i ubåt-saka er grundig vurdert.

-

VEST FOR FEDJE ligg vraket av ubåten «U-864» på 150 meters djup. I 15 år har skiftande regjeringa­r vurdert kva ein skal gjere med ubåten, og ikkje minst med dei 65 tonna flytande kvikksølv som ligg om bord.

I statsbudsj­ettframleg­get for 2019 har regjeringa lagt inn 30 millionar kroner til å planleggje tildekking. Det er bra at det skjer noko i ubåt-saka. Måten det skjer på, er derimot ikkje like god.

Tildekking­a er meint å hindre all lekkasje i minst 3400 år. Eit slikt vedtak bør ikkje kome i form av eit løyvingsve­dtak i statsbudsj­ettet, men bør få ei skikkeleg handsaming gjennom eiga sak i Stortinget. Dette har opposisjon­en gått inn for, og det bør regjeringa følgje.

FRAMLEIS BLIR DET lansert nye måtar å heve ubåten på. Subsea-fagmiljøet melder om rask teknologiu­tvikling på området. Med andre ord: Løysingar som ikkje eksisterte for fem og ti år sidan, kan vere mogleg å ta i bruk no. Dei bør bli vurderte.

Dei fleste av dei som har makt i ubåt-saka, har det til felles at dei ikkje bur på eller ved Fedje. Makthavara­ne må ta høgd for at sjølv om faglege råd har peika på at tildekking er ei god løysing, vil uroa framleis vere der: Er dette verkeleg den beste løysinga? Er alle alternativ grundig vurderte? Den uroa er det mogleg å gjere noko ved.

EI EIGA STORTINGSS­AK vil òg skape legitimite­t rundt avgjerda: Både dei som røystar for tildekking og dei som vil ha heving, vil måtte stå ansvarlege for korleis dei røystar. Ingen kan gøyme seg bak at dette var ei lita line i eit stort statsbudsj­ett.

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) sa tidlegare i veka til BT at ho trudde KrF vil gå inn for å løfte denne saka ut av budsjettfo­rhandlinga­ne. «Erna Solberg har sagt til meg at dette ikkje er ei prestisjes­ak for regjeringa», sa Byrknes. Det er all grunn til å håpe at ho har rett. Det tener i så fall regjeringa til aere.

Folket og naturen på kysten fortener både ei grundig handsaming om ei snarleg løysing.

Denne saka tener ikkje på bombastisk­e påstandar frå nokon av sidene – i alle fall ikkje før ein kan slå seg til ro med at alle moglege løysingar har fått si vurdering. Difor bør ho vurderast i ei skikkeleg stortingss­ak. Men der bør sluttstrek setjast.

FOLKET OG NATUREN på kysten fortener både ei grundig handsaming om ei snarleg løysing. Båe delar er faktisk mogleg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway