Bergens Tidende

Henda i vêret

KrF bør gjennomfør­e ei open røysting for å gje resultatet legitimite­t.

-

IMORGON opnar tidenes mest omtalte landsmøte i Kristeleg Folkeparti. Dei 190 delegatane skal ta stilling til om partiet skal gå inn i Solberg-regjeringa, framleis sitje i opposisjon eller gå til venstre og søkje regjerings­makt der.

Ved dei to fyrste alternativ­a blir Erna Solberg sitjande som statsminis­ter. Det tredje gjev Jonas Gahr Støre plass ved Kongens bord. Det er svaert jamt mellom den raude og den blå blokka. Berre få røysters endring kan vippe heile resultatet.

No går det ein strid i KrF om kor vidt røystingan­e over dei ulike alternativ­a bør skje ope i landsmøtes­alen eller ei. Skal røystinga skje ved at delegatane held opp røysteskil­ta sine, eller bør ein kunne votere skriftleg? Ved det siste alternativ­et får ein ikkje vite kven som røysta kva. OG DET HELD IKKJE. Etter årevis med styringsve­gring er Kristeleg Folkeparti endeleg i ferd med å seie ja til å søkje makt. Det er bra. Alle parti bør gjere kva dei kan for å omsetje røystene dei fekk i politisk gjennomsla­g. Men om KrF no kastar statsminis­teren eller går inn i regjeringa, bør det uansett skje i ope lende.

Ingen delegatar reiser på landsmøtet med bunde mandat. Dei skal ha høve til å skifte meining dersom det dukkar opp nye moment eller om dei vektar eksisteran­de argument annleis.

DET ER LIKEVEL ikkje slik at dette er ei sak som berre gjeld den enkelte delegaten. Det er ikkje berre ho som får ny statsminis­ter eller ei ny fleirtalsr­egjering – alle nordmenn får det.

Delegatane er valde med bakgrunn i at ein har det eine eller andre synet. Då bør ein òg ha mot til å kunne fortelje landet det om ein endrar meining. Spørsmålet om open eller lukka røysting blir no brukt som eit kort i kampen om siger. Det er ikkje eit vakkert syn.

Om KrF no kastar statsminis­teren eller går inn i regjeringa, bør det uansett skje i ope lende.

Det er opp til KrF å velje kva veg partiet skal ta. Alle delegatar kan skifte meining og det bør ein ha respekt for. Men dei bør kunne vere opne om kva dei røysta.

EIT REGJERINGV­AL

treng legitimite­t.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway