Bergens Tidende

Regelkamp om retningsva­l

- Morten.myksvoll@bt.no

er det truleg Hareides raude line. Han er partileiar, og går mest sannsynleg av dersom han ikkje vinn fram. Det kan gjere blå delegatar usikre, og når valet er hemmeleg er det ingen personleg risiko i å stemme annleis enn dei har lova fylket sitt.

Samtidig har tonen blitt så hard internt i partiet, at det ikkje er gitt at Hareide har saerleg innverknad på delegatane lenger.

DET GÅR FØRE SEG no ein intens kamp for å forme forteljing­a om KrF-prosessen. Kva var det som avgjorde utfallet, og er resultatet legitimt?

Det er mange måtar å sjå det på. Mange peikar på Rogaland, med skuldinga om at fleirtalsv­alet deira øydela prosessen. For det første viser fylkas ulike voteringsr­ekkjefølgj­er at det slett ikkje berre var Rogaland som skilte seg ut i korleis dei fordelte delegatar.

For det andre endra Rogalands årsmøte prosessen, truleg meir enn partileiin­gas oppmoding om representa­tive delegasjon­ar gjorde. Igjen, Grøvans syn er ikkje godt nok varetatt på landsmøtet.

FOR Å MÅLE kor representa­ntiv fredagens forsamling er, kan det vere nyttig å slå saman stemmetala frå alle fylkesårsm­øta og fordele delegatar ut frå det. Dette tenkte landsmøtet ville sett svaert likt ut som det faktiske møtet.

Den blå sida hadde mista fem delegatar. Hareides raude side ville fått tre av dei, medan Grøvans opposisjon­slinje ville fått to. Dette ville nok primaert vore mandat frå Rogaland, og sjansen er stor for at dei ville stemt blått i runde to. Den blå leiinga på 99–90 ville difor gått ned til 96–93.

Den raude sida vil trekkje fram at dei fekk flest delegatar frå fylkesårsm­øta. Hareide fekk nemleg 69 delegatar derfrå, mot Ropstads 66. Men det er før ein tek omsyn til at dei som ikkje vil inn i regjering skal delta i avstemming­a. Tar ein dei med, har fylkesårsm­øta sendt flest blå KrF-arar til landsmøtet.

Det går føre seg no ein intens kamp for å forme forteljing­a om KrF-prosessen. Kva var det som avgjorde utfallet, og er resultatet legitimt?

UANSETT UTFALL, kan me vere sikre på at framtidige målingar og neste års lokalvalsr­esultat vil vere avgjerande når etterpåklo­kskapen skal overta.

Den av Støre og Solberg som blir statsminis­ter etter dette får eit hardt skadd KrF, som treng gjennomsla­g på gjennomsla­g for å takle si eiga interne uro. For den forteljing­a KrF-arane kjempar om no, blir for v ei jakt på syndebukka­r og ei «kva var det eg sa?»-haldning som rir dette partiet som ei mare framover.

 ?? FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB SCANPIX ?? KRF VEL SIDE: – Den av Støre og Solberg som blir statsminis­ter etter dette får eit hardt skadd KrF, som treng gjennomsla­g på gjennomsla­g for å takle si eiga interne uro, skriv Morten Myksvoll.
FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB SCANPIX KRF VEL SIDE: – Den av Støre og Solberg som blir statsminis­ter etter dette får eit hardt skadd KrF, som treng gjennomsla­g på gjennomsla­g for å takle si eiga interne uro, skriv Morten Myksvoll.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway