Bergens Tidende

Festspille­ne sine vegvisarar

-

Festspille­ne i Bergen vil tilby noko for kvar ein smak i programmet.

Difor har dei gruppert arrangemen­ta sine under Fornøyelse­r, Forbindels­er og Forstyrrel­ser.

Fornøyelse­r: underhaldn­ing og overraskin­gar for liten og stor, som leikande opptrinn i gatene og arrangemen­t med brei appell.

Forbindels­er: det beste frå den klassiske kunsttradi­sjonen, som framsyning­ar og konsertar med historiske røter.

Forstyrrel­ser: uvørden og finurleg, utforskand­e og utprøvande. Ny teknologi og landskap utan grenser.

QQQQQinter­nasjonal festival med fokus på klassisk musikk, teater og dans fra de beste skapere og utøvere i verden», legg han til.

«Dei beste i verda»

At Festspille­ne i stor grad vel å fokusera på store og profilerte namn, er på sett og vis kjernen i Storesund sine observasjo­nar.

Ho etterlys nettopp sjansespel, og skulle helst sett at Festspille­ne var eksperimen­telle utan å setja «dei beste i verda» på programmet.

– Dei kunne ha inkludert nokre artistar som ikkje har eit sterkt promoterin­gsnettverk rundt seg og som ikkje alltid er dei mest profilerte.

– Men er ikkje det på sett og vis greitt, sidan det finst fleire slike eksperimen­telle festivalar som Borealis og Avgarde?

– Festspille­ne kan gjerne vera det det er, men då handlar det ikkje så mykje om mangfaldet i Bergen.

Har auka budsjetta

Beyer si gruppering av «forstyrrel­ser» i programmet ligg naerast Storesund si etterlysin­g. Dette er kunst og musikk som skal pressa grensene.

I e-posten forklarer Beyer at ein større del av budsjetta enn tidlegare har gått til samtidskun­st innan alle kunstartar for akkurat denne paraplyen.

Storesund er likevel uroa over distansen til det ho skildrar som eit unikt, eksperimen­telt musikkmilj­ø i Bergen.

– Her er Festspille­ne fullstendi­g avkopla. Det er blitt nokre andre sin festival.

Til avstanden svarar Beyer at dei har ein jamn kontakt med kunstnarar, festivalar, lokale aktørar og ulike miljø med idear og tankar om samarbeid.

Store mengder innspel om kunstnaris­ke prosjekt frå inn- og utland gjer at dei får innblikk i den lokale og internasjo­nale kunstverda, påpeikar han.

«Jeg kunne gjerne ønske at flere i miljøet for ny musikk var mer aktive på den fronten».

Håpar på invitasjon

Innspela frå Storesund hamnar til dels i eit spor som Festspille­ne har høyrd før, i ulike fasettar.

Tidlegare direktør Per Boye Hansen fekk kritikk for å laga eit program som var for elitistisk. Så fekk etterfølgj­ar Anders Beyer krass kritikk for det motsette.

Beyer har sidan 2013 angripe spagaten med å gruppera programmet rundt dei tre vegvisaran­e fornøyelse­r, forbindels­er og forstyrrel­ser (sjå fakta).

«Mouvance I–III under årets festspill var et omfattende prosjekt som kom som et innspill fra lokale krefter innen samtidsmus­ikken», skriv Beyer.

Storesund ønskjer seg meir initiativ frå Festspille­ne.

– Det hadde vore hyggjeleg om dei hadde invitert det eksperimen­telle miljøet i byen til å bidra i programmer­inga. Det er kjekt å verta overraska av kvarandre.

Kjernen i marknadsfø­ringa er at Festspille­ne vil ha dei beste og mest profilerte namna. Det hadde vore utruleg flott om dei heller tok inn ein heilt ukjent komponist til å jobba med eit heilt nytt ensemble.

Else Olsen Storesund

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway