Bergens Tidende

Ikkje gjer Sandviken trongare

-

VI SOM BUR rett bakom og kjøpte leiligheta­ne våre for å få luft og sjøutsikt, synest ikkje det hjelper at kommunen vil byggja ein liten grøn holme med tilgjenge for alle på Kristiansh­olm.

Vi synest det er nok at vi må tåle lydmuren av trafikk oppetter heile fjellsida. Vi synest det er plagsamt med kumlok som smell kvar gong ein bil køyrer over (ja, eg har klaga fleire gonger, og det skal berre leggjast ned ein gummiring).

Vi uroar oss for 350 nye parkerings­plassar under dei planlagte høgblokken­e. Vi synest Sandviksto­rget er lite og elendig nok som det er, om det ikkje skal hamna i skuggane frå dei planlagte kjempeklos­sane rett utanfor. Vi trur ikkje det hjelper så mykje med steinhelle­r på torget og vegen som vil gå over det, dersom dei utvidar det nokre meter på hi sida.

NÅR SKAL BERGENSKE politikara­r forstå at det ikkje er plass til uendeleg med fortetting ein ikkje kan gjøre om på innanfor dei sju fjella våre? Når skal dei begripa at det er den kollektive transporte­n som må gjerast betre om Bergen skal bli grønare, og at draumen om Manhattan i Bergen må gjennomfør­ast der det er plass – på utsida av fjella?

Vi vonar den kommunale områderegu­leringa gir Obos så strenge rammer at alle naboane blir glade for tomtekjøpe­t. For kva er vitsen med å riva eitt stort, stygt hus som stenger for sjøen, om ein på tomta byggjer ti nye?

Privateigd­e gamle sandviksbo­der nokre hundre meter lenger ute forfell på skammeleg vis. Vonar eigarane at også dei skal få selja tomta si til ei såkalla økonomisk baerekraft­ig utbygging? Obos inspirerer kanskje til endå meir forfall?

Gjer det ikkje trongare i Sandviken enn det alt er. Bevar Bergen vakker, også sett frå sjøen!

 ?? ILLUSTRASJ­ON: ANNE CARLSEN ?? UTSIKTA FORSVINN: Det er ikkje dei gamle sjøbodene Bergen kommune har brukt som målestokk for kva som er fint og greit å byggja, skriv innsendare­n. Slik vil det sjå ut, ifølgje arkitekt Anne Carlsen som bur i eit av husa bak. Ho har teikna inn maksimalut­nyttinga kommunen har foreslått for å visa dei mogelege konsekvens­ane.
ILLUSTRASJ­ON: ANNE CARLSEN UTSIKTA FORSVINN: Det er ikkje dei gamle sjøbodene Bergen kommune har brukt som målestokk for kva som er fint og greit å byggja, skriv innsendare­n. Slik vil det sjå ut, ifølgje arkitekt Anne Carlsen som bur i eit av husa bak. Ho har teikna inn maksimalut­nyttinga kommunen har foreslått for å visa dei mogelege konsekvens­ane.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway