Bergens Tidende

Oppkomling­ane

-

Pensjonist i BT TENK AT DET FINST oslofolk som har innsett at dei oppfører seg som nyrike oppkomling­ar. Tenk at det gått opp for dei at ei lang rekkje av landets mest påkosta, gamle praktbygni­ngar blir ståande tomme og ubrukte som følgje av ellevill milliardru­lling til nybygg. No må dei erkjenna at sivilisert­e folk ikkje ter seg slik.

Mest heile 1800-talet og store deler av 1900-talet gjekk med for å få omskapa ein fattig provinsby i ein europeisk avkrok til ein nokolunde representa­tiv hovudstad. Resultatet var ikkje spesielt imponerand­e, sett frå Stockholm og København. Eller frå Bergen. Hytter og hus og ingen borge. Men det var det vi hadde. Inntil det nasjonale krafttaket enda som vrakgods på oljehavet.

TI TOMME, eller snart tomme, gamle, verdslege praktbygni­ngar har Aftenposte­n talt opp. Pluss eit par handfullar gamle kyrkjebygg. Ingen planar ligg føre for kva som skal skje med kulturarve­n. Bortsett frå at det gamle og påstått ubrukelege Nasjonalga­lleriet visstno kan bli gjenopna som eit slags reservenas­jonalgalle­ri. Fullt brukeleg, faktisk. Etter ny, statleg pengerulli­ng, naturlegvi­s. Ei pølse i slaktetida. Eit oljefat i Finansdepa­rtementet.

DET ER IKKJE lett å bli rik i ein fart. Ikkje for nokon. Ikkje for vestlendin­gar heller. Men det er nok ekstra vanskeleg for dei som bur i hovudstade­n. Dei har så mykje å ta att. Nordmarka er ikkje nok. Verdas største statsfond i verdas nest største humanitaer­e stormakt (etter Sverige), stakkarsle­ge 667.000 innbyggjar­ar og Oslo Metropolit­ian University er heller ikkje nok.

MEN DET SKAL BLI andre bollar når den nye Operaen og det nye Munch-museet og det nye Nasjonalmu­seet og det nye Deichmansk­e hovudbibli­otek (pluss Barcode og Sørenga og stakkars gamle Aker Brygge og Tjuvholmen) er samla på eitt brett. I god fråstand frå den fattige fortida. I verdas mest nyrike hovudstad.

Vi som bur i provinsen er sparde for mykje sut og strev. Men det ville vera greitt om oppkomling­ane sette av nokre smular frå dei rikes bord til å ta vare på vår småkårsaer­e.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway