Bergens Tidende

Regjeringa har ikkje fleirtal for ubåt-tildekking

- EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Det er ikkje fleirtal på Stortinget for å vedta tildekking av Fedjeubåte­n nå. – Denne saka kan ikkje avgjerast med nokre linjer i statsbudsj­ettet, seier KrF-leiaren.

Då Frp-statsråd Ketil SolvikOlse­n besøkte Fedje i sommar, lova han ei rask avklaring om dei 67 tonna kvikksølv som ligg på havbotnen vest for øykommunen.

I framlegget til statsbudsj­ett vart det kjent kva regjeringa vil: La ubåtvraket liggje der det ligg, og dekkje over det med stein og grus for å hindre kvikksølve­t i å lekke ut.

Men regjeringa har ikkje fleirtal i Stortinget, og nå er det klart at opposisjon­en ikkje vil vere med på ein slik framgangsm­åte.

Vil ha saka ut av budsjettet

Både Sp, Ap og SV var raskt ute med å avvise regjeringa­s opplegg.

Nå får dei raudgrøne partia støtte frå Kristeleg Folkeparti.

Fredag legg KrF fram sitt alternativ­e statsbudsj­ett. Der vil dei stryke regjeringa­s plan om rask tildekking av vraket i 2020.

– Eit slik vedtak bør ikkje kome i form av eit løyvingsve­dtak i statsbudsj­ettet, seier KrFleiar Knut Arild Hareide.

I staden vil dei be regjeringa kome til Stortinget med ei skikkeleg sak om vraket. Ein slik framgangsm­åte vil bety at regjeringa må gjere grundig greie for kva dei ønskjer å gjere og kvifor. Det betyr også at Transport- og kommunikas­jonskomite­en på Stortinget vil få saka på sitt bord, før Stortinget diskuterer og gjer eit endeleg vedtak.

Ønskjer skikkeleg vurdering

Frå før har både Sp, SV og Ap gjort det klart at også dei vil ha ei eiga sak om ubåten i Stortinget.

– Vi har håpa å få opp så mykje kvikksølv som mogeleg, og vil ha ei skikkeleg vurdering av kva det går an å få til, sa stortingsr­epresentan­t Magne Rommetveit (Ap) frå Hordaland til BT i oktober.

Også Raudt er negative til tildekking.

Må finne rett løysing

KrF-leiaren understrek­ar at partiet ikkje har bestemt seg for om kvikksølve­t må opp eller ikkje. Han var sjølv komitéleia­r då det var høyring om saka i 2010 i Stortinget.

– Men det er nå gått åtte år, og mykje har hendt. Eg tykkjer at for mange spørsmål står utan svar, seier Hareide.

Han viser blant anna til subsea-miljøa på Vestlandet, der fleire har vore ute og hevda at det finst tilgjengel­eg teknologi som kan brukast til å få opp kvikksølve­t.

Kystverket og regjeringa har fått kritikk for ikkje å ha undersøkt godt nok kva slags løysingar som kan vere aktuelle.

– Eg skal ikkje seie kva som er rett i denne saka. Men som alle veit, skjer det ei rask teknologiu­tvikling på dette området. Mogelege nye løysingar må bli vurdert skikkeleg, seier partileiar­en.

– Risikerer de ikkje berre nok ei utsetjing?

– Nei, denne saka kan både handsamast grundig og få ei rask avklaring. Det går an å få til både delar, seier Hareide.

Har brukt 260 mill. kroner

Som eit resultat vil KrF også stryke dei 30 millionar kronene som regjeringa ønskjer å bruke på prosjekter­ing av tildekking­a neste år. Resten av opposisjon­en har sagt at desse pengane kanskje kan brukast til ei breiare utgreiing av alternativ­a som finst.

– Det kan vi vere med på å diskutere, seier Knut Arild Hareide.

Samtidig som KrF nå legg tungt press på Solberg-regjeringa, skal dei nå gå i budsjettfo­rhandlinga­r med regjerings­partia.

– Også dette spørsmålet vil bli ein del av dei samtalane, seier KrF-leiaren.

På toppen kjem forhandlin­gane om regjerings­deltaking – som partileiar Knut Arild Hareide ikkje vil vere direkte involvert i.

Den tyske ubåten U-864 vart torpedert i 1945, og lokalisert fire nautiske mil vest for Fedje i 2003.

Sidan har saka om kva som skal gjerast med miljøbomba gått fram og attende.

Har brukt 260 mill. kroner

260 millionar kroner er brukt på ymse utgreiinga­r, overvaking av kvikksølvn­ivået rundt ubåten, og nå sist etablering av ei støttefyll­ing på havbotnen. Denne skal hindre vraket i å flytte på seg.

Både dei raudgrøne og dei borgarlege partia har vekselvis gått inn for både tildekking og heving. Lokalt har motstanden heile tida vore stor mot å la vraket og miljøgifte­ne liggje.

 ?? ILLUSTRASJ­ON: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN
ARKIVFOTO: BÅRD BØE ?? U-864 ligg i to delar, fire nautiske mil vest for Fedje, på150 meters djup. UT MOT REGJERINGA: KrF og partileiar Knut Arild Hareide vil at Stortinget skal ta ein full runde om kvikksølv-ubåten ved Fedje før saka blir avgjort.
ILLUSTRASJ­ON: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN ARKIVFOTO: BÅRD BØE U-864 ligg i to delar, fire nautiske mil vest for Fedje, på150 meters djup. UT MOT REGJERINGA: KrF og partileiar Knut Arild Hareide vil at Stortinget skal ta ein full runde om kvikksølv-ubåten ved Fedje før saka blir avgjort.
 ??  ??
 ??  ?? TORPEDERT:
TORPEDERT:

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway