Bergens Tidende

Jens Kihl

Kor mykje tøys er det eigentleg plass til mellom to permar?

-

S QLAPP AV, MAMMA. Eg har ikkje byrja med røyking. Eg veit likevel nok om det til å skjøne kva funksjon røykerom og røykehjørn­e har: Ein fristad der du kan slenge litt med leppa. La skravla gå. Å få gje ut bok er politikara­nes røykehjørn­e. Det er ein fristad frå journalist­ar, meiningsmo­tstandarar og faktasjekk­arar. Her kan dei gjere som dei vil, og det ser ut til at forlaga synst det er heilt greitt så lenge det blir boksal av det. Motivasjon­en for slike bøker er gjerne å ville «snakke ut om den vanskelege tida» skrive si side av saka utan vanskelege motspørsmå­l bli ein intellektu­ell statsmann som skriv bøker tene pengar eller ein kombinasjo­n av alle fire. Haustens fangst er ikkje noko unntak. Men om ein kan sjå ein tendens i 2018-utgjevinga­ne, er det forakta for fakta.

QQQOG ETTER Å HA pløgd gjennom «Fremmede makter har flyttet inn» av Per Sandberg og Bahareh Letnes, «Der andre tier» av Sylvi Listhaug og «Det som betyr noe» av Knut Arild Hareide, står eg att med følgjande spørsmål:

FINST DET EIN redaktør i salen?

Alle bøkene har viktige sider. I boka til Hareide blei det veldig klart kvifor han ville ta KrF til venstre, og det blei det jo litt debatt ut av. Listhaug skriv utfyllande om politiske saksfelt og deler også andre interessan­te tankar: Kvifor skriv journalist­ar aldri om henne når vi skriv om politikara­r som må tole hets og sjikane? Det har eg tenkt ein del på etter å ha lese boka hennar.

Boka til Letnes og Sandberg er hakket meir ellevill,

LIKEVEL: DESSE bøkene viser intenst godt kvifor vi treng journalist­ikk og eit etisk regelverk, og kvifor ulike stemmer bør brynast mot einannan. Saerleg Listhaug og Sandberg/Letnes serverer oss ei lang rekkje faktafeil.

Listhaug har rekna ut at dei 8000 kvoteflykt­ningane det blei gjort vedtak om i 2015 kostar Noreg 560 milliardar gjennom liva deira. Her har ho bomma med (minst) 500 milliardar, slik Morgenblad­et har peika på.

Vi får laere «de fleste faktisk har innsett at migrantstr­ømmen til Norge har vaert for høy». Ifølgje SSB er det berre 28 prosent av oss som meiner det skal bli vanskelega­re for flyktninga­r og asylsøkjar­ar å få opphald i Noreg – og talet dett stadig nedover.

Eg vil meine at norsk offentlegh­eit har krav på at Sandberg og Listhaug avklarer desse sakene. Liker de pizza og smeltedigl­ar? Ja eller nei?

OG PÅ SIDE 117 får vi vite at det som er «ganske sikkert, er at vi uansett står foran en eksplosjon­sartet vekst i folketalle­t». Ja, eller «Lavere befolkning­svekst framover», som SSB kallar det. Og sånn held boka fram. Det er legitimt å meine at innvandrin­ga må ned, men ein kan ikkje presentere feil som fakta.

Knut Arild Hareide leverer kanskje ikkje like harde faktafeil. Men han skriv i boka si at det er «den liberalist­iske fløyen som styrker seg i Høyre». Det trur eg svaert få vil gje han rett i om ein samanlikna­r dagens Høgre med ei ti år eldre utgåve.

I HØGRE VAR frustrasjo­nen stor over at dei hadde gjeve KrF milliardgj­ennomslag i statsbudsj­etta, og må lese at KrF har «bremset og stoppet usosial politikk, lite miljøvennl­ig politikk, kutt i hjelpen til verdens fattige og en distriktsp­olitikk bare tilpasset sentrale strøk». Er det verkeleg ikkje meir dei har fått til i fellesskap dei siste fem åra?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway