Bergens Tidende

Når fotballaga manglar

- VEGARD MELING NESSE

Eg kan ikkje tru at eit idrettslag av den størrelsen har fått over 100 forfall over natta.

Laererstud­ent ved UiS, Stavanger

DEI FLESTE SOM HAR spelt fotball eller holdt på med organisert idrett, er stort sett einige om at kampar og konkurrans­ar er det kjekkaste med idretten. Herrelaget til juniorane til Bremnes trenar eit par gonger og har ein kamp i veka. Kampen er gulrota.

I dei fem første vekene av haustseson­gen fekk dei kun spelt tre av fem oppsette kampar. Alle høyrer til i hordalands­fotballens storby, Bergen.

TA TIL DØMES ein av kampane. Den skulle vore spelt ein søndag, noko som bind Bremnes-spelarane for resten av helga med tanke på sosiale planar, reising og anna.

Rundt frukosttid­på søndagen kjem forfallet på telefon. Laget har ikkje nok spelarar. Det synest eg er merkelig. Det ber eit stort idrettslag som står oppført på Hordaland sine fotballsid­er med heile fem juniorlag og sju gutelag for 2018-sesongen. For at det skal gå opp, kan ein tenkje seg at dei har om lag minst 150 aktive fotballspe­larar i alderen 15 til 19 år. Då er det rart at dei ikkje klarer å stille med 15 mann på Bømlo for å spele kamp.

MEN OM DET ER SLIK at dei ikkje har nok folk, burde dei visst om det før søndag morgon. Eg kan ikkje tru at eit idrettslag av ein sånn størrelse har fått over 100 forfall over natta. Det er nok heller ein unnskyldni­ng for å sleppe å bruke søndagen på bil- og ferjetur over fjorden frå Bergen til Bømlo.

Det er ikkje berre ei unnskyldni­ng, det er ei dårlig unnskyldni­ng som diverse Bremnes-lag har vore offer for fleire gongar i sesongen i mange år. Eg hugsar med gru ein kamp som blei avlyst då eg sjølv spelte fotball. Det var eit lag frå Bergen som meinte dei ikkje kunne stilla til kamp fordi dei mista ferja. Ferja frå Halhjem til Sandvikvåg går kvart tjuande minutt eller kvar halvtime i helgene …

SÅ DÅ TENKJER EIN. Kva er det som ligg i botnen for at den eine kampen i sesongen, eller kvar andre sesong, borte mot Bremnes skal vaere så vanskeleg å få til?

Før kunne det handle om pengar. Det kan det sjølvsagt fortsatt vaere. Eit lag som ikkje møter til kamp i juniorklas­sen, pådrar klubben sin ei bot på 2500 kroner, det doble om dei ikkje seier i frå seinast dagen før, heiter det frå Norges Fotballfor­bund. Dei pengane vil i dei fleste tilfella bli dekka av klubben.

EI REISE for eit juniorlag frå Bergen til Bømlo for å spele kamp, vil med grov hovudrekni­ng koste om lag rundt to til tre tusen kroner. Men spelarar og trenarar vil spare på personlige utgifter til drike og mat som ei dagsreise krev. Men dette er likevel for lite utgifter til at eg trur at det er årsaka til avlysinga.

EG TRUR DET ER MANGEL på respekt som ligg i grunn. Det verkar som om det ikkje har noko å seie for samvitet til trenarar, spelarar, foreldre eller klubb å berre droppe den reisa til Bømlo. Det synest eg er sjokkerand­e. Trist.

I junioravde­linga i denne serien er det 12 lag. Samtlege lag, utanom Bremnes og Stord, held til i Bergen. Stord har hatt fem bortekampa­r i Bergen. Bremnes har hatt seks. Kun to lag har måtta reise på

 ??  ?? FRAFALL: Det er mykje snakk om fråfall frå fotballen blant norsk ungdommar. Eg meiner slike tilfelle bidrar til at mange går lei og byrjar å priorite
FRAFALL: Det er mykje snakk om fråfall frå fotballen blant norsk ungdommar. Eg meiner slike tilfelle bidrar til at mange går lei og byrjar å priorite

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway