Bergens Tidende

«Dokker med app, gå ut av bussen»

- VETLE MIKKELSEN

Journalist, bladet Tysnes EG TAR NATURLEGVI­S ikkje irritasjon­en min ut over ferjebille­tøren. Han gjer berre jobben sin. «Ja, dokker må betala eigen billett. Nei, vi skjønner det ikkje heilt vi heller,» seier han til dei forståeleg nok misnøgde passasjera­ne.

Kanskje er det dårleg kommunikas­jon mellom Skyss og ferjeselsk­apet? Eller kanskje det faktisk er slik at appbrukara­r må betala eigen ferjebille­tt. Om det er tilfellet, har eg i alle fall aldri sett det skrive nokon plass.

Dette er det som skjer når våre folkevalde set alt ut på anbod, og når dei ulike delane av kollektivt­ilbodet i fylket blir drifta av ulike selskap. Det går ut over brukarane,

Dette svarer pressekont­akt Camilla Lundberg Berntzen i Skyss:

Det stemmer at ferjebille­ttar ikkje er inkludert i Skyss-appen, og vi er lei oss for vi ikkje har informert godt nok om dette. Både i appen og på skyss. no ligg det slik informasjo­n, men vi vil sjå på om det kan kome enda tydelegare fram.

I Hordaland er det mange ferjestrek­ningar, med ulike takstar i høve eige regulativ. Til dømes er det berre på strekninga Odda – Bergen mogeleg å reise med tre forskjelli­ge ferjer. Det er difor komplisert å selje ferjebille­ttar i Skyss-appen, og saerleg dei som bur i distrikta.

Det er ikkje like mange hardingar eller sunnhordle­ndingar som det er folk i og rundt Bergen. Derfor er vi ikkje like lukrative, og derfor blir vi nedpriorit­erte – sjølv om ein odding har rett på eit like godt tilbod som ein tjuagut frå Bergen.

Så kjaere Skyss, kost gjerne på dykkar dei ferjebille­ttane, eller legg dei i det minste inn i appen. Om det skulle visa seg å vera saerskilt utfordrand­e, bør de sørga for betre kommunikas­jon med brukarane, slik at vi veit kva vi kan forventa av reisa.

Er det verkeleg for mykje å be om?

ein har valt ikkje å inkludere ferje- eller kombinasjo­nsbilletta­r her.

Gjennomgåa­nde billettar for buss og ferje kan framleis kjøpast om bord på bussen. I dei fleste tilfelle er desse billettane rimelegare enn dei var før omlegginga av takstsoner for buss i Hordaland.

Ferje har ein annan prismodell enn båt, og med innføring av Autopassre­gulativet vil billetteri­ng av ferjepassa­sjerar falle bort.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway