Bergens Tidende

DOKTORGRAD

-

Økonomisk evaluering av malariafør­ebygging i Etiopia

Alemayehu Hailu disputerer 16.11 for ph.d.-graden ved UiB med avhandling­a «Economic evaluation of malaria prevention in Ethiopia: Economic burden, equity, and cost-effectiven­ess analysis of malaria prevention in south-central Ethiopia».

Det har vore oppsiktsve­kkjande framskritt det siste tiåret i den globale kampen mot malaria. Om lag 70 prosent av framgangen kan tileignast enkelttilt­ak, som sengenett behandla med insektmidd­el, og kampanjar for å behandle bustadhus med insektmidd­el. Trass i dette held sjukdommen fram med å vere ei stor utfordring for helsetenes­tene i mange land i Afrika, og vi har lite kunnskap om dei økonomiske verknadene av malariafør­ebygging. I tillegg veit vi ikkje om sengenettk­ampanjer og kampanjar for behandling av bustadhus vil auke eller redusere ulikskap i helse.

I avhandling­a viser Alemayehu Hailu at malaria represente­r ein stor økonomisk byrde for fattige hushald i Etiopia. Han konkludere­r at førebyggin­g av malaria kan bidra til å overvinne fattigdom. Han finn også at berre få hushald i området eig utstyr for å forhindre malariasmi­tte, slik som sengenett, og at desse i størst grad er å finne hjå dei mest velståande hushalda.

I forskinga si har Alemayehu Hailu utvikla to modellar for å evaluere kor kostnadsef­fektivt det er å kombinere utdeling av sengenett med å behandle bustadhus med insektmidd­el. Ein modell er basert på resultata frå ein randomiser­t studie i Etiopia, og den andre modellen er basert på ei kunnskapso­ppsummerin­g. Modellane gir informasjo­n som er relevant for å anbefale kva tiltak som er hensiktsme­ssig i område med ulik malariabyr­de.

Alemayehu Hailu har ein mastergrad i folkehelse frå Addis Abeba Universite­t. Han er seniorrådg­jevar ved helsedepar­tementet i Etiopia. Disputasen finn stad 16.11 kl. 11.15 i BB-bygget.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway