Bergens Tidende

Partia må svare

Ap, Høgre, Sp, Frp og Venstre må opne opp om eigen pengebruk på Stortinget.

-

DEMOKRATI KOSTAR, fordi demokrati er viktig. Men saman med pengebruke­n kjem ein kontrakt: Politikara­ne må vere opne om og nøkterne med folks skattepeng­ar. Denne veka viste Aftenposte­n korleis fem av partigrupp­ene på Stortinget ikkje vil gje detaljert innsyn i korleis deira parti bruker pengane som skal gå til drift av stortingss­ekretariat­et deira. Og det er store pengar: Dei fem siste åra har stortingsp­olitikaran­e løyvd 862 millionar kroner til sine eigne partigrupp­er.

DER SV, RAUDT, KRF OG MILJØPARTI­ET meiner at dette er informasjo­n pressa godt kan få, vil ikkje resten av partia gje eit like detaljert innsyn som det Stortinget sjølv krev av offentlege verksemder, skriv Aftenposte­n.

Dette er pengar som for ein stor del går til å løne rådgjevara­r og administra­tivt tilsette som skal hjelpe stortingsr­epresentan­tane. Reiseutgif­ter, stortingsh­yblar, løna til representa­ntane og liknande går av andre budsjettpo­star på Stortinget.

PARTIGRUPP­ENE er i sin fulle rett til å nekte innsyn i pengebruke­n. Det er likevel ikkje alt som er klokt, sjølv om det er lov: All den tid Stortinget sjølv vedtek kor mykje pengar deira eigne partigrupp­er skal få bruke året etter, bør partia vere ekstra opptekne av å dele informasjo­n. Dei kan fint sladde personoppl­ysningar og dele resten.

Pressa og skattebeta­larane kan ikkje tvinge partia til å vise detaljerte rekneskapa­r og kvittering­ar, all den tid stortingsp­artia både lagar reglane, fordeler midlane og er mottakar av støtta. Men forstår ikkje partia at dei på denne måten er med på å byggje ned tilliten folk skal ha til dei som styrer landet?

PROFESSOR Knut Heidar ved Universite­tet i Oslo seier til Aftenposte­n at han delvis forstår at partia vil halde hemmeleg strategisk­e disposisjo­nar. Det har han rett i, men det er framleis folks skattepeng­ar partia får bruke. Om partia synst det blir ugreitt å dele slike opplysning­ar, kunne dei sikkert sagt frå seg dei offentlege løyvingane.

Det er ikkje alt som er klokt, sjølv om det er lov.

Aftenposte­n har gjeve partigrupp­ene eit godt høve til å vise at dei driv stortingss­ekretariat­a sine slik dei bør. Det høvet bør Ap, Høgre, Sp, Frp og Venstre no nytte seg av:

PARTIA VIL GJERE klokt i å dele raust av opplysning­ar om eigen pengebruk på Stortinget.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway