Bergens Tidende

Jens Kihl

-

DET ER UNDERLEGE tider i KrF. Eit parti i krise skal løyse problema sine med å gå inn i regjering. Det er litt som å sitje i ei lekk jolle, der det einaste alternativ­et er å ro endå fortare i håp om å nå kaia før båten søkk.

Men om KrFs forhandlin­gsutval greier å forhandle fram ei god nok regjerings­plattform med dei borgarlege partia, vil partiet trenge mange folk på dekk – også frå raud side.

Knut Arild Hareide sit framleis som partileiar. Men om partiet går inn i Solberg-regjeringa, treng KrF ein ny sjef. Olaug Bollestad er fyrste nestleiar, og ho vil automatisk rykkje opp dersom Hareide går tysdag.

MEN VAR DET ikkje eigentleg Kjell Ingolf Ropstad som vann kampen om kor KrF skal gå? Mange i KrF meiner det er hans tur no. Men så lett er det ikkje: Det tek seg ikkje bra ut om ei kvinne må trå til sides fordi ein mann har leiarambis­jonar.

Hans Olav Syversen frå Oslo var ein dyktig leiar for finanskomi­teen på Stortinget sist periode, men mista utjamnings­mandatet sitt. Han blir sett på som meir borgarleg orientert i til dømes finans- og velferdssp­ørsmål og blir omtalt som ein mogeleg kandidat. Kor som er: Det siste KrF treng no, er ein leiarstrid. Syversen vil neppe kaste seg inn i kampen med mindre det finst eit folkekrav om at han må ta over.

Fleire kjelder vurderer Ropstad til å ha best sjansar. Om han får vervet, trengst det ein ny nestleiar i KrF, og hen må kome frå det som er blitt den raude fløya. Ingelin Noresjø, leiar i Nordland KrF, og Trude Brosvik frå Sogn og Fjordane er mellom namna som er spelte inn. Desse kan styrkje distriktsp­rofilen KrF så sårt treng å utvikle.

BERGENSBYR­ÅD DAG INGE Ulstein blir også lista opp, men både han og Brosvik markerte seg svaert tydeleg på Hareidesid­a i vegvalet. Ein nestleiar skal ikkje berre styre si eiga fløy, men heile partiet. Då bør ein helst ikkje vere for merkt av striden, blir det sagt.

Dei beste sjansane har Erik Lunde. Risøringen er i dag KrFs gruppeleia­r i Oslo bystyre, men skal flytte til Kristiansa­nd for å bli prest. Han stod på raud side, men var meir dempa i ordskiftet. Han er ein kristendem­okratisk tenkjar med fleire bøker på samvitet. KrF er framleis ikkje ferdig med diskusjone­n om kva slags parti dei eigentleg skal vere, og Lunde kan bidra her.

Likevel: Skal KrFs leiing kome frå Evje, Risør/Kristiansa­nd og Gjesdal? Desse plassane ligg som tre hakk etter einannan i bibelbelte­t. Med ei slik oppsamling blir det vanskelega­re å markere seg som eit nasjonalt parti.

EITT ALTERNATIV ER Tore Storehaug, som kapra utjamnings­mandatet frå Sogn og Fjordane i fjor. Dersom Bollestad og Ropstad går i regjering, er det gode grunnar til at den tredje i partileiin­ga bør sitje på Stortinget. Då kan partiet velje mellom Storehaug og telemarkin­gen Geir Jørgen Bekkevold.

Storehaug har mindre erfaring, men er ein optimistis­k type som også kan represente­re nye Vestland når Hareide takkar for seg. Det nye fylket stod for 15 prosent av alle røystene i stortingsv­alet. Likevel er dette kanskje i tidlegaste laget for Storehaug.

Alle reknar det som sannsynleg at KrF får tre statsrådar, slik Venstre fekk. Skal KrF ha ein sjanse til å samle seg, må det vere representa­ntar frå både raud og blå side med inn i regjering. Der omkvedet rett etter landsmøtet var «blå side vann, dei får fikse dette», ser fleire på venstresid­a no meir konstrukti­vt på regjerings­prosjektet. Og dersom partiet skal kunne gå til venstre ved eit seinare høve, kan ikkje heile Hareide-fløya hoppe av toget no.

DERSOM ROPSTAD BLIR partileiar, tek han ein av statsrådsp­ostane. Då trengst det éin raud og éin blå til. Den mest naerliggja­nde på blå side er Olaug Bollestad. Stortingsr­epresentan­t Hans Fredrik Grøvan frå Vest-Agder går for å vere ein dyktig maktpoliti­kar, men det kan bli vel mange egder på laget.

Ikkje ei einaste kjelde har meint det ville vere rett å hente statsrådar frå den førre regjerings­runden. KrF må nytte høvet til å byggje nye profilar. KrFs dyktige fylkesordf­ørar i Rogaland, Solveig Tengesdal, er ei anna som blir løfta fram. Ho kan få problem med fylkeskaba­len med mindre Bollestad blir på Stortinget.

Skal båten bere for KrF, må partiet vere rause også med taparlaget.

BÅDE DAG INGE Ulstein og Rebekka Ljosland har styringser­faringa som trengst. For Ljoslands del kan det bli vanskeleg å kome forbi dei to blå i partileiin­ga. Men pragmatika­ren Ulstein har nok svaert gode sjansar for ein statsrådsp­ost på nyåret, og ei lang rekkje kjelder gjev han best odds for denne posten. Partisekre­taer Hilde Frafjord Johnson har halde korta tett til brystet, men informerte kjelder meiner ho er på veg ut. KrF kan godt ende med å tilsetje ein ny partisekre­taer som er meir lågprofile­rt enn Johnson.

OG SÅ TRENGST det ein raud armé til små og store rådgjevarj­obbar. Fleire rådgjevara­r frå Hareide-sida seier rett ut at dei tel på knappane, og det nye KrF kan ikkje berre byggje på folk frå den blå vinnarsida.

Skal båten bere for KrF, må partiet vere rause også med taparlaget. Alt i alt viser likevel denne lista at KrF ikkje manglar mannskap som kan ta over tunge verv, i eit parti som må styre gjennom tung sjø framover.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway