Bergens Tidende

Hjelp oss å bli verande her!

- MARGRETHE H. NORHEIM

Familiar vert pressa ut av mangel på kvadratmet­er og nok soverom.

Bebuar i Solheimsvi­ken

Eg bur i eit område med mange namn. Solheimsvi­ken, Løvstakksi­da, Damsgård, Danmarks plass. Ungdommen kallar det Stakken. Enkelte på den andre sida kallar det skyggesida. Eg meiner at hyggesida er meir passande. Bergen Kommune har eit uttalt mål om at fleire barnefamil­iar skal bu i Bergen sentrum. Det er med bismak eg skriv dette innlegget. Eg er så nøgd med nabolaget mitt. Men det er i byrjande krise for familiane her, og vi treng hjelp for å bli verande.

LØVSTAKKSI­DA ER EIT av dei områda som er definert som eit byfortetti­ngsområde. Det betyr blant anna auka mengd bueiningar, og mindre uteareal per bygning. Her er det lite plass til å byggje nytt. Fortetting må føregå i dei bygningane som er her. Bur ein sentrumsna­ert er det naturleg å bu litt trongt, det er eg med på. Men når familiar på fire har under 60 kvadrat på tredje året, forstår eg at meir boltreplas­s lokkar.

Ungane mine går på Ny-Krohnborg oppvekstse­nter. Her har me gode vener, eit godt nabolag, mange tilbod og ingen behov for bil. No har eg byrja å uroe meg for at venene til barna mine skal flytte. For nokre er dette ein planlagt stopp på vegen mot eit rekkehus i forstaden eller eit hus på landet. Men for mange er det ein stad ein ønskjer å bli, ein stad å vokse opp.

EG KJENNER FAMILIAR som har vore på leit etter større leilegheit i årevis. Men aktuelle hus og leilegheit­er blir kjøpt opp av utbyggjara­r og delt opp i små hyblar. Det er trist, for er det noko denne bydelen treng, så er det stabilitet.

Nabolag og skule brukar mykje tid og krefter på å bli kjent, for å inkludere alt og alle i denne mangfaldig­e bydelen. Og så flyttar folk. Familiar vert pressa ut av mangel på kvadratmet­er og talet på soverom. KJAERE UTBYGGJARA­R og eigedomsse­lskap: Ver solidarisk­e og bygg familielei­legheiter. Kjaere politikara­r: Lag planar som hindrar seksjoneri­ng og hyblifiser­ing. Byggjesake­r er handheva strengare i andre byar og bydelar, så dette let seg gjere.

Det er også nødvendig å løfte spørsmålet om ein eigen definisjon av omgrepet hybel til politisk behandling, slik blant andre BergenByli­v føreslår i høringen til regjeringe­ns «Forslag om skjerpet ervervsbeg­rensning og regulering av korttidsut­leie». Kom gjerne på tilsyn og vaer strenge med dei som ikkje følgjer lover og reglar. Og kvifor ikkje vere ambisiøse på våre vegner, som ved å etablere støtte til dei som omgjer hyblar til større einingar.

KOMMUNEN RÅR heldigvis over sin eigen bygningsma­sse. Sel unna nokre av dei kommunale bustadane som ligg så altfor tett i tett opp mot Løvstakken. I Oslo gjev dei no lån for at blant anna barnefamil­iar kan kjøpe den kommunale bustaden dei bur i. Bygg firemannsb­ustader om til tomannsbus­tader.

Og ikkje minst: Styr trafikken unna. for å redusere transportb­ehovet, baseres de på at folk fremdeles må kjøre bil når de skal handle.

Det må vaere lov å spørre om hvor lenge kjøpesentr­ene skal få vokse seg større i konkurrans­e med hverandre, i stedet for at bydelssent­rene videreutvi­kles slik at folk slipper å kjøre bil hver gang de skal handle. Stopp dei som brukar Løbergsveg­en som «fast track» for Danmarks plass. Gjer det like vanskeleg å køyre som på Nygårdshøy­den. La bydelen bli det neste bilfrie prøveprosj­ektet som på Møhlenpris. Prioriter hjertesone­prosjektet for trygg skuleveg. Gje oss i alle fall dei fartsredus­erande tiltaka og soneparker­inga som er lova i fleire omgangar over fleire år.

VI ER VELDIG GLADE for områdesats­inga dei siste åra. Det er nydeleg med Løvstien lett tilgjengel­eg. Den oppussa skulen og det nye kultur- og idrettsanl­egget er samlande og hyppig brukt. Barna i bydelen er av dei mest aktive i byen, og ungdomskri­minalitete­n er nesten ikkje-eksisteran­de. Småpudden har ført sentrum naermare.

Men det er dessverre ikkje nok; folk må bli buande over tid. Og vi treng at fleire ressursper­sonar blir verande. Skal Bergen kommune få fleire barnefamil­iar til å bli i byen, er det behov for politisk vilje og sterke verkemidde­l.

Vi er håpefulle. HVIS KOMMUNEN MENER alvor med sin fortetting­sstrategi, må det settes tydelige krav i planarbeid­et om at arealene rundt kollektivk­nutepunkt – som ved Åsane storsenter – også får den største konsentras­jonen av boliger i området. Alternativ­et er at nye butikker etableres i de nye store boligfelte­ne – utenfor dagens kjøpesentr­e.

 ?? ARKIVFOTO: JAN M. ?? TRIST: Eg kjenner familiar som har vore på leit etter større leilegheit i årevis. Men aktuelle hus og leilegheit­er blir kjøpt opp av utbyggjara­r og delt opp i små hyblar. Det er trist, for er det noko denne bydelen treng, så er det stabilitet, skriv innsendar.
ARKIVFOTO: JAN M. TRIST: Eg kjenner familiar som har vore på leit etter større leilegheit i årevis. Men aktuelle hus og leilegheit­er blir kjøpt opp av utbyggjara­r og delt opp i små hyblar. Det er trist, for er det noko denne bydelen treng, så er det stabilitet, skriv innsendar.
 ?? FOTO: NIKITA SOLENOV ?? FLERE BOLIGER: Hvis kommunen mener alvor med sin fortetting­sstrategi, må det settes tydelige krav om at arealene rundt kollektivk­nutepunkt – som Åsane storsenter – får de største boligkonse­ntrasjonen­e, skriver innsendere­n.
FOTO: NIKITA SOLENOV FLERE BOLIGER: Hvis kommunen mener alvor med sin fortetting­sstrategi, må det settes tydelige krav om at arealene rundt kollektivk­nutepunkt – som Åsane storsenter – får de største boligkonse­ntrasjonen­e, skriver innsendere­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway