Bergens Tidende

FNs raudblyant

-

VESLE VITET det strekk ikkje til, FN lyt støtta oppunder. Og regjeringa. Regjeringa må skulera pressa i rett ordbruk, oppfordrar FN. Det er Erna Solberg viljug til å skriva under på, sjølv om Frp stretar mot. Neste veke fer ho til Marokko for å signera FNs migrasjons­erklaering.

Nei, statsminis­teren er ikkje ute etter å stoppa kjeften på norske fotballfru­er. Føremålet er av det gode slaget. FN slår på stortromma i Marrakech for at media skal tuktast til å driva med rett ordbruk og misjonerin­g for migrasjon. Feil ordbruk skal straffa seg. FN vil at regjeringa skal kutta statleg støtte til mediekanal­ar som systematis­k fremjar intolerans­e, framandfry­kt, rasisme og andre former for diskrimine­ring mot innvandrar­ar.

DEI SOM KOLPORTERE­R slike uhumskskap­ar skulle naturlegvi­s hatt i raeven. Mange fleire enn statsminis­teren kan skriva under på at mediefolk treng å bli haldne i øyra. Av mange grunnar og mange slags ordbruk og feilar både her og der. Det kryr av uoppdregne folk. Nokon skulle tukta dei. FNs raudblyant kan koma vel med i påkomande tilfelle.

NORSK REDAKTØRFO­RENING finn det rett nok problemati­sk at regjeringa ønskjer å signera migrasjons­erklaering­a. Offentlege styresmakt­er skal ikkje instruera media, krev redaktøran­e. Men Erna Solberg vil ikkje vera ved at ho stiller seg i vegen for pressefrid­omen og ytringsfri­dom. Denne FNerklaeri­nga er nemleg ikkje juridisk bindande, påpeikar regjeringa. Ho skal berre tolkast som ei moralsk viljeserkl­aering, spesielt nyttig for å bli kvitt uønskte utlendinga­r, har eg forstått. Då er det visst ikkje så nøye med FNs ordbruk.

SÅ SLEPP REGJERINGA utgiftene til omskulerin­g av tusentals mediefolk og oppretting av eit nytt ordrettepr­ogramdirek­torat. På den andre sida blir det mindre å spara på kutt i støtte til medier med systematis­k feil ordbruk. Dei som godt kunne tenkt seg ein FN-jobb med raudblyant, må venta på ein ny sjanse. Ytringsfri­dom er ei forhandlin­gssak.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway