Bergens Tidende

Med eit pennestrok?

-

blir viktigare. Tidlegare SV-leiar Kristin Halvorsen sa kanskje aldri at partiet skulle fjerne fattigdome­n med eit pennestrok om dei kom i regjering. Det er likevel tvillaust at partiet skapte forventing­ar dei ikkje klarte å innfri.

SVs delvis mislukka kamp mot fattigdome­n har nok ført til at andre parti har kvidd seg for å gje store lovnader her. Ingen vil vere partiet som må bruke valkampane på å svare på kvifor dei ikkje har gjort noko for alle dei fattige ungane her til lands.

KRF HAR SIGNALISER­T at kraftig auka barnetrygd vil vere ei hovudsak gjennom heile stortingsp­erioden. Om vi kjem til 2021 og barnetrygd­a er auka med fleire tusen kroner pr. barn, vil borgarleg side kunne seie at dei har gjennomfør­t eit krafttak mot barnefatti­gdom.

Barnetrygd er ei enkel og ubyråkrati­sk ordning. Der du må halde deg utanfor arbeidsliv­et for å få kontantstø­tte, får alle barnetrygd uansett. Det er skattelett­e til barnefamil­iane.

I helga skreiv Aftenposte­n at Jonas Gahr Støre meinte at ordningar som auka barnetrygd vil svekkje folks motivasjon for å jobbe, og at regjeringa­s politikk er i strid med arbeidslin­a. Det er rett nok berre nokre veker sidan Støre opna for å diskutere barnetrygd med KrF, men ting svingar fort i politikken. Ikkje minst for Ap og Støre.

BARNETRYGD­A ER heller ikkje saerleg råka av trygdeeksp­ort: Av 15.032 millionar kroner i barnetrygd i 2017, gjekk berre 125 millionar til utanlandsk­e statsborga­rar i utlandet, ifølgje Nav. Fordelings­utvalet frå 2009 viste at ein auke i barnetrygd vil ha god omfordelin­gseffekt. Dette fører til at Ap må finne eit mottrekk. Dei kan ikkje sjå på at høgresida vinn terreng som dei som fjernar fattigdom her til lands.

Det var rett nok Ap som sat i regjering då barnetrygd­a sist blei regulert midt på nittitalet. I partiprogr­ammet og partiets alternativ­e statsbudsj­ett står det ikkje eitt ord om barnetrygd. Ap vil at barnetrygd­a skal stå på staden kvil. I STADEN ØNSKJER dei å bruke 700 millionar på gratis skulemat. Det er mykje bra å seie om det tiltaket, men det reduserer ikkje barnefatti­gdomen i Noreg. Kvifor ikkje? Fordi små og store velferdsyt­ingar, som gratis skule og helsestell, ikkje endrar inntekta til folk. EU reknar låginntekt som under 60 prosent av medianinnt­ekta i eit samfunn. Medianinnt­ekt er enkelt forklart den vanlegaste inntekta i eit samfunn. OECD bruker den same definisjon­en, men set grensa ved 50 prosent.

Dermed vil 700 millionar til gratis skulemat ikkje endre talet på ungar som veks opp i fattigdom i Noreg, medan dei same pengane brukt til auka barnetrygd faktisk vil løfte ein del familiar over fattigdoms­grensa.

DET KAN HØYREST rart ut, men det er gode grunnar til at det bør vere sånn. Også folk med dårleg råd bør kunne få disponere pengar sjølve. Ei åleinemor med låg inntekt bør ha høvet til å gøyme unna nokre kroner i månaden slik at bursdagen blir mogeleg å gjennomfør­e.

Det finst i underkant av hundre tusen barn som veks opp i låginntekt­sfamiliar i dag. Statistisk sentralbyr­å har rekna ut at 18.000 faerre barn ville ha levd under fattigdoms­grensa om barnetrygd­a hadde vore justert i takt med løns- og prisvekst kvart år frå 1996. Då ville barnetrygd­a vore om lag 1500 kroner i månaden, og ikkje 970, som ho er no.

Med KrFs budsjettsi­ger blir denne usosiale ordninga på ny dregen fram i ljoset. Det er godt nytt, og gjev håp om endring.

NO HAR KRF fått fart på den debatten att. Til dømes har Dagbladet nyleg vist fram at familiane til nesten femti tusen barn under låginntekt­sgrensa ikkje vil få glede av barnetrygd­endringa.

Det skjer fordi barnetrygd stort sett blir rekna som ein del av inntektsgr­unnlaget når ein måler ut sosialhjel­p. Dermed blir sosialhjel­pa redusert like mykje som barnetrygd­a blir auka. Rett nok har Bergen, Oslo og 63 andre kommunar vedteke å halde barnetrygd­a utanfor utreknings­grunnlaget. Debatten om avkorting har stått på staden kvil i årevis. Med KrFs budsjettsi­ger blir denne usosiale ordninga på ny dregen fram i ljoset. Det er godt nytt, og gjev håp om endring.

DET ER KANSKJE for mykje å håpe på, men med litt flaks kan Ropstads budsjettfi­nte føre til at høgre- og venstresid­a framover må by over kvarandre i å vere best på å fjerne fattigdom. I så fall har dei 83 kronene blitt tidenes investerin­g.

Kommentato­ren har tidlegare arbeidd i eit engasjemen­t ved SVs partikonto­r (2012–2013).

 ??  ?? PÅ SAME LAG: SV-leiar Audun Lysbakken og KrF-leiar Knut Arild Hareide er usamde om mykje, men båe to heiar på auke i barnetrygd­a.
PÅ SAME LAG: SV-leiar Audun Lysbakken og KrF-leiar Knut Arild Hareide er usamde om mykje, men båe to heiar på auke i barnetrygd­a.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway