Bergens Tidende

Bedehuset mot straumen

Medan mange gamle bedehus har stengt dørene, fekk Vik bedehus eit luksusprob­lem. No er det løyst.

- KJERSTI MJØR kjersti.mjor@bt.no foto MARITA AAREKOL

Krossen på husveggen, bedehusski­ltet. Utanpå ser Vik bedehus ut som før, men på innsida har det skjedd eit lite mirakel.

Det evangelisk-lutherske forsamling­shuset i Øygarden har vore stengt sidan mai. Fire millionar kroner og tusen dugnadstim­ar seinare opnar dørene igjen i helga, og då blir det fest!

Bedehusfol­ket på Toftøy skal feira at huset frå 1936 er totalt ombygd innvendig.

Bedehus på finn.no

– Me måtte ha plass til fleire. Det er eit luksusprob­lem, konstatere­r dugnadslei­ar John Solsvik.

Ein gong var Øygarden ein bedehusbas­tion med heile 13 forsamling­shus. I dag er det berre aktivitet i seks.

Utfordring­a er nyrekrutte­ring, ikkje berre i Nordhordla­nd, men heile bedehuslan­d. Bedehus etter bedehus har låst dørene for godt, og dei siste åra er fleire lagde ut for sal på finn. no.

Det kvitmåla gudshuset på Vik er kjerringa mot straumen. Så å seie kvar dag er små og store bedehusgje­ngarar innom for å delta på samlingar og sundagssku­le, bibeltimar og barnekor.

– Me har opplevd stor vekst dei siste ti åra. Om det før kom femti på ei sundagssam­ling, kjem det nitti no. På sundagssku­len vart det etter kvart så mange ungar at me ikkje fekk plass til alle.

– Kva har Vik bedehus gjort rett?

– Ikkje godt å svara på, men me har vore grådig heldige. Fleire kristne småbarnsfa­miliar har flytta til området, og dei ser verdien av å formidla kristne verdiar til ungane sine, svarar Solsvik.

– Elles har me aldri samling når det er gudstenest­e i kyrkja, og det er heilt bevisst for ikkje å skapa ein konkurrans­esituasjon. Dei som går i kyrkja her ute, går også på bedehuset.

– Faerre og faerre bedehus

Bedehusrør­sla har tradisjone­lt hatt mest fotfeste i det vestlandsk­e bibelbelte­t. Sjølv om ein del miljø framleis er aktive, er det som skjer på Vik meir unntaket enn regelen.

– At det blir faerre og faerre bedehus, er heilt klart, slår religionss­osiolog Olaf Aagedal fast.

Han forklarar noko av nedgangen med folketalsu­tviklinga og nye trafikkåre­r.

Ingen harde benkar

– I kommunar med mange bedehus blir det berre fem minutt mellom kvart hus, når kommunikas­jonsårene endrar seg frå sjø til veg. Då fell noko av grunnlaget for aktivitete­n bort. Tendensen er at ein del bedehus blir omgjort til gren-

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway