Bergens Tidende

BARNEOPPDR­AGELSE

- JAN ERIK KJERPESETH

Konsernsje­f, Sparebanke­n Vest Bremanger no få oppleve Rhodos.

Kampen om grensesett­inga startar frå ungane vaknar. Dei: – Pappa, vi vil ha frukost. Eg: – Klart vi skal ha frukost. Det er viktig med ein god frukost. Dei: – Pappa, dei har nonstop, is og pannekaker til frukost. Det vil vi ha! Eg: – Nonstop og is er ikkje frukost. Det er godteri. Dei: – Då vil vi i alle fall ha musli med Oreo. Please, pappa, vi bur jo nesten aldri på hotell! Eg: – Oreo er ikkje frukost. Det er godteri. Sjå heller på all den gode frukta, og omelett har dei og. Dei: – Sjå pappa, dei andre ungane får lov. Kvifor er det berre VI som må ete frukt, brød og egg? Kvifor skal du alltid vaere så nøye på det? Eg: – I vår familie et vi ikkje godteri til frukost. Sånn er det berre! Dei: – No er du skikkeleg kjip, pappa!

MIN JOBB ER Å VERE KONSERNSJE­F for ein av Norges største sparebanka­r i ein bransje i svaert stor endring. Min jobb er å sette retning, sjølv om ingen kjenner koordinata­ne for det endelege målet vi skal nå. Men det er det enklaste som er umogleg: Å sikre mine eigne ungar sunn mat og nok søvn. Det er den aller viktigaste jobben eg har. Og eg slit.

Kvifor er det enklare å forstå kva som skal til for å møte PSD2-direktivet, enn å få sine eigne ungar i seng til skapleg tid? Kvifor er det lettare å få 700 tilsette til å dra i same retning, enn å få nokre få ungar til å få ete ein sunn frukost eller middag?

Rett som det er kjenner eg meg som ein kjip pappa, men finn trøyst i at forskinga viser kor viktig det er, dette uendelege slitet med å sette grenser.

TIDLEG PÅ 60-TALET gjennomfør­te den amerikansk­e psykologen og forskaren Walter Mischel eit eksperimen­t i barnehagen ved Stanford University. Ei gruppe ungar i alderen fire til seks år fekk følgjande oppgåve: «Anten kan du få ete godteriet som ligg på fatet framom deg med det same, eller så kan du vente litt. Dersom du klarar å vente til eg kjem tilbake, vil du få to godteri.»

Alle ungane seier sjølvsagt at dei vil vente. Dei vil ha begge godteria. Men eksperimen­tet viste at berre eit mindretal av ungane faktisk klarte å vente dei minutta som skulle til for å doble vinsten. Den eine ungen etter den andre viser seg å ikkje ha sjølvkontr­oll nok til å vente. Dei puttar godteriet i munnen og synest å angre seg like etterpå.

FOR SEKS ÅR SIDAN publiserte psykologen Terrie Moffitt ein tilsvarand­e studie av heile 1000 ungar i New Zealand. Forskarane følgde ungane frå fødsel og fram til dei var 32 år gamle. Ungane med høg sjølvkontr­oll vaks opp med betre fysisk helse, mindre grad av fedme og betre tannhelse. Ungar med mindre sjølvkontr­oll fekk jobbar med lågare lønn og eigde sjeldnare sin eigen bustad. Dei hadde mindre sparepenga­r i banken, og sette sjeldnare av pengar til pensjon.

Korleis kan vi laere ungane evne til utsett behovstilf­redsstilli­ng når så mange får det dei ønskjer seg utan å måtte spare?

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway