Bergens Tidende

Politikken må ha plass til alle

I politikken må det vere plass til folk både med og utan barn. Det er bra for demokratie­t.

-

STORTINGET­S VOTERINGSS­YSTEM er skreddersy­dd eldre menn med hjemmevaer­ende koner som levde på 1800-tallet. Det må vi få en slutt på». Dette seier Bjørnar Moxnes, partileiar og einaste stortingsr­epresentan­t for Raudt, til Dagbladet. Spørsmålet om korleis dagane på Stortinget er lagt opp kan verke som ein bagatell.

I røynda er spørsmålet ganske viktig. I dag er det slik at ei sak blir votert over i Stortinget når ho er ferdigdeba­ttert for dagen. Alle kjenner sjølvsagt resultatet av røystinga på førehand.

ORDNINGA GJER LIKEVEL at store delar av stortingsr­epresentan­tane kan bli sitjande ut over kvelden og natta for å vente på å få trykkje på ein knapp på sin plass i stortingss­alen. Dette er saerleg krevjande før jul og sommar, då det er mange saker som kjem til røysting.

Om ein til dømes starta dagen med å votere over gårsdagens debatt, ville berre politikara­ne som hadde ansvar for den aktuelle saka bli verande ut over natta på Stortinget.

Spørsmålet er kanskje saerleg viktig for småbarnsfo­reldre. Men meir fleksible ordningar ville også gjort det lettare for alle stortingsr­epresentan­tar å kome seg ut i landet og møte veljarar og andre.

DET ER IKKJE BERRE i rikspoliti­kken at det er vanskeleg å kombinere politikken med resten av livet. Ute i kommunesty­ra er mennene i tydeleg overvekt, og framleis er over 70 prosent av ordføraran­e menn. Det kan mellom anna ha med omsorgsopp­gåver på heimebane å gjere.

Ved å vise større fleksibili­tet, er det lettare for både småbarnsmø­drer og -fedrar å ta på seg verv for lokalsamfu­nnet. Nokre av dei viktigaste oppgåvene for ein kommune er nettopp barnehage, skule, barnevern, ungdomsklu­bbar og andre oppgåver der det er bra om foreldre kan bidra med si kvardagsin­nsikt. FOR NOKON kan det beste verkemidde­let vere å leggje møta til dagtid, og betale for frikjøp frå arbeidstid. For andre kan betalt barnevakt vere ei løysing.

Uansett kan ikkje «vi har alltid gjort det sånn» vere eit svar på korleis ein skal organisere politikken. Det viktige må vere å finne løysingar som gjer at ulike grupper kan bidra.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway