Bergens Tidende

Gløym «somletrikk­en» til Åsane!

- EINAR SLETTEN

Bergen og køyreleidn­ing, og skal ein trikketras­é leggjast i bygater, blir det ofte svaert dyrt.

bybane- og 60 superbuss-løysningar viste Ross Clark frå Transport Scotland (Clark, 2011) at utbyggings­kostnaden for bybane er tre til fire gonger høgare per kilometer enn for superbuss. Det handlar ikkje berre om at infrastruk­turen er så mykje dyrare, sjølve innkjøpspr­isen for det rullande materielle­t favorisere­r bussar som er masseprodu­sert og standardis­ert i ein heilt annan grad enn trikkar.

Transportø­konomisk institutt i Noreg har også trekt den same konklusjon­en i ein studie frå 2008. Dei peikar på 60 til 75 prosent laegre investerin­gskostnad i ei bussløysni­ng. Studiar frå USA, som både har buss og bybane, viser at driftskost­nadane til bana er fire-fem gonger høgare enn med buss. Grunnen er todelt. Det er mykje billigare å vedlikehal­de ein asfaltert veg enn skinner og køyreleidn­ing, og bussar er mykje billigare å vedlikehal­de. Etter kvart blir

også alle bussar heilelektr­iske.

EG BUDDE EIT ÅR I EDINBURGH, ein by med om lag ein halv million innbyggjar­ar. Det året hadde eg ikkje bil, men den var ikkje sakna fordi byen hadde eit suverent bussnett i eigne traséar. I byen blei det brukt korte, toetasjes bussar. I Bergen blir ein nok nøydd til å satse på lange einetasjes bussar på grunn av alle tunnelane.

Busselskap­et Lothian disponerer i dag 700 bussar, som køyrer i eit nett på om lag 2500 stoppeplas­sar. Overgang til el-bussar har starta opp. Det er rimeleg å ta buss i Edinburgh, ca. 17 kroner for einskild billett. «The wide free bus pass scheme» gir alle over 60 år gratis reise med buss innan Skottland.

EG HAR INNTRYKK AV at bergenske politikara­r trur dei bur i ein storby. Det synest som dei har reist rundt og sjekka transports­ystem i London og Paris i staden for å fokusere på korleis det blir gjort i Trondheim og ei rekkje tilsvarand­e byar i Sverige. Gløym «somletrikk­en» til Åsane!

 ?? FOTO: BJARTE BRASK ERIKSEN ?? TESTA: To 24 meter lange biogassbus­ser blei sette i drift i Bergen i 2014. Fire år seinare blei dei parkert, mellom anna fordi dei var for lange og tunge. Men dei hadde ingen eigen trasé, som innsendare­n meiner vi bør satse på i Bergen.
FOTO: BJARTE BRASK ERIKSEN TESTA: To 24 meter lange biogassbus­ser blei sette i drift i Bergen i 2014. Fire år seinare blei dei parkert, mellom anna fordi dei var for lange og tunge. Men dei hadde ingen eigen trasé, som innsendare­n meiner vi bør satse på i Bergen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway