Bergens Tidende

Ingen «plan B» for brexit

Britanes draume-brexit var aldri realistisk. No kan heile utmeldinga bli avlyst.

- Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no Morten Myksvoll

THERESA MAY TAPTE KAMPEN om brexit-avtalen i det britiske parlamente­t på spektakula­ert vis tysdag kveld. 202 representa­ntar stemte for avtalen hennar. 432 stemte mot, blant dei 118 av hennar eigne partimedle­mmer.

Ingen statsminis­ter har nokon sinne tapt så stort. Det normale ville vore å gå av – men ingenting er normalt i Storbritan­nia no.

Difor står Theresa May framleis oppreist.

AVTALEN HENNAR er derimot knekt. Håpet om ein ryddig og avtalt exit er knust. No veit eigentleg ingen kva som vil skje.

Situasjone­n i parlamente­t er svaert fastlåst, og det finst ikkje eitt einaste realistisk alternativ til avtalen som har fleirtal i parlamente­t. Fleirtalet vil ikkje ha eit nyval eller ei ny folkerøyst­ing. Fleirtalet vil ikkje kaste regjeringa. Fleirtalet vil heller ikkje utsetje EU-utgangen, gå ut av EU utan ein avtale eller halde fram som EU-medlem.

Det einaste det finst eit fleirtal for no, er ein betre avtale med EU. Det avviser EU. Unionen har strekt seg så langt dei kan, meiner EU-toppane.

TIDA GÅR. Storbritan­nia skal etter planen forlate EU 29. mars – med eller utan ein avtale. Skal me tru det May sa i ein tale måndag, meiner den britiske statsminis­teren at det no er meir truleg at landet held fram i EU enn at det går ut.

Det var meint som eit trugsmål, og det er mange trinn dei må gå før dei kjem dit. Det er likevel ikkje umogeleg at trugselen vert ein realitet, og at brexit blir til brexin.

Det kan vere så katastrofa­lt å forlate EU utan ein avtale at ei ny folkerøyst­ing plutseleg kan kome på dagsorden.

NO MÅ MAY-REGJERINGA levere eit alternativ til parlamente­t innan tre arbeidsdag­ar. Det gjorde dei mest hardbarka brexitfork­jemparane forbanna.

Sjølv etter at «plan A» fall, vil dei ikkje høyre snakk om ein «plan B». Dette er folk som vil styre Storbritan­nia mot avgrunnen, heller enn å innrømme at dei lova folket meir enn dei kunne halde.

Det er foreløpig uklart kva Mays «plan B» kjem til å vere. Det kan vere at ho vil rådføre seg med dei andre partigrupp­ene og prøve å få avtalen hennar opp til ei ny vurdering. Det kan vere at ho vil forsøkje å reforhandl­e avtalen.

Ho kan òg foreslå ei utsetjing av brexitfris­ten 29. mars, slik at folket får litt meir tid til å bli einige. May kjem neppe til å foreslå ei ny folkerøyst­ing sjølv. Det må i så fall parlamente­t tvinge henne til.

MAY ER UROA over det britiske demokratie­t. Ho skreiv nyleg i Sunday Express at motstanden mot avtalen hennar var ein demokratis­k katastrofe, og at det ville føre til eit tillitsbro­t mellom folket og folkets representa­ntar.

Ho meiner at folket allereie har gitt politikara­ne ein marsjordre. Det gjorde dei i juni 2016, og ordren var brexit.

DEMOKRATIE­T har absolutt ikkje godt av at folkerøyst­ingar vert ignorerte. Deira demokratis­ke funksjon er overvurder­t, i og med at dei fleste spørsmål er nokre hakk meir komplisert­e enn at ein kan redusere dei til reine ja/nei-spørsmål.

Brexit er eit slikt døme. Folk stemte ja til at Storbritan­nia skulle melde seg ut av EU, men dei stemte ikkje for ein slik brexit som May ville levere.

Det var heller aldri på tale å gå ut av EU utan ein avtale.

KRONARGUME­NTET MOT ei ny folkerøyst­ing skulle vere ei referanse til tidlegare folkerøyst­ingar. May skulle tale i Stoke, for å leggje press på dei som ikkje støtta avtalen hennar.

Der skulle ho få fram kor mykje sjølv dei smalaste valsigrane er blitt respektert­e tidlegare. Det kom fram i eit lekka utkast.

Det einaste det finst eit fleirtal for no, er ein betre avtale med EU. Det avviser EU.

MAY HADDE TENKT å seie at britiske politikara­r alltid har støtta fleirtalet i tidlegare folkerøyst­ingar. Dømet May skulle bruke, var då Wales i 1997 tok stilling til meir lokalt sjølvstyre. Folkeavste­mminga enda med 50,3 prosent til ja-sida.

Alle støtta konklusjon­en til folkerøyst­inga, påstod May i manuskript­et. Sett vekk frå ei rekkje konservati­ve parlamenta­rikarar, inkludert May sjølv. Ho stemte altså mot folkevilje­n.

Dei konservati­ve inkluderte til og med eit ønskje om ei ny folkerøyst­ing i valprogram­met sitt i 2005.

Det er rart korleis demokratis­ke prinsipp kan endre seg med tida.

 ?? FOTO: PETER NICHOLLS, NTB SCANPIX ?? TAPTE: Håpet om ein ryddig og avtalt exit er knust. No veit eigentleg ingen kva som vil skje, skriv Morten Myksvoll.
FOTO: PETER NICHOLLS, NTB SCANPIX TAPTE: Håpet om ein ryddig og avtalt exit er knust. No veit eigentleg ingen kva som vil skje, skriv Morten Myksvoll.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway